Tambar Fotball har starta årets sesong i 6.divisjon på best mulig måte, og står med 6 poeng og full pott etter to spelte kampar. Gledeleg er det også at laget har funne nettmaskene i dei to fyrste kampane, som har enda med 6-2 mot Førde 3 og 5-1 mot Høyang 2.

Lagets toppscorer så langt er lynvingen på topp hjå Tambar, Sigve Heggedal Longvastøl. I treningkampane laget hadde mot Høyang 2 og Førde 3 tidleg i vår, var Sigve frampå med ei scoring i begge desse kampane.
Og målteften har han beholdt inn mot seriestart, og står no som toppscorer for laget. Mot Førde 3 i den første seriekampen for sesongen, var han ikkje snauare enn at han laga hat trick i Hafstadparken. Også i heimekampen mot Høtang 2 var han frampå med nettkjenning, og laga to av måla i 5-1 seieren til Tambar.

Dermed står han med 5 scoringar så lang, og kan med det kalle seg for toppscorer. Nærmast han på toppscorerlista ligg Sander Kibsgaard Nordheim med sine to mål. I tillegg har fire Tambarspelarar eit mål kvar.