Mange av fotballspelarane, kanskje helst i dei mindre klubbane rundt om, må raskt ta voksenrolla ute på fotballbana. For det er slik kvardagen er blitt i klubbar som Tambar Fotball og andre klubbar med størrelse med oss, at for i det heile klare stille seniorlag må stadig yngre spelarane trø til.

Slik var det også med dei to Tambar-keeperane som no deler plassen mellom stengene på Tambar sitt a-lag. Thomas Dobbe Personbråten og Markus Hjelle Cirotzki er av ein alder på knappe 18 år blitt erfarne a-lagsspelarar.

Allerede som 15 åring vart Markus «kasta til ulvane», då han debuterte på a-laget til Tambar i 2015. Denne andre sesongen Tambar spela i 4.divisjon, etter at laget rykka opp i denne divisjonen hausten 2013. Markus var divisjonens yngste keeper denne sesongen, ein sesong som vart heller tung for laget og som enda med at laget måtte ta vegen ned i 5.divisjon etter endt sesong.

Thomas var ikkje mykje eldre enn Markus då han fekk sin debut på a-laget, då han måtte steppe inn på våren då kompisen måtte stå over på grunn av skade.

Heile sesongen 2015 delte dei to keeperane broderlig på oppgåvene, der dei begge spelte alle kampane for laget. Trener Geir Hoff såg potensiale i begge desse karane, og valgte å bruke begge to til kvar kamp i 5.divisjon, der dei stod kvar sin omgang i kampane gjennom sesongen.

Også denne sesongen i 6.divisjon vil vi nok få sjå begge keeperane i kamp i kvar fotballrunde, forutsett at ingen av dei vert skada.
Gutan sjølv seier dei er godt nøgde med ordninga, og opplever egentlig ikkje noko stor konkurranse mellom seg. Men samtidig er dei klare på at det ikkje skal være noko sovepute at dei er garantert speletid. Difor har dei ein intern konkurranse mellom seg når det gjeld kor mange ballar dei må hente ut frå nota i kvar kamp.
Kven som vinn den kampen, må vi vente til sesongslutt for å få svar på. Gutane og laget har i allefall fått ein god start på årets sesong, og vi ynskjer dei lukke til framover.