Ein glimrande kontring av Tambar midtvegs i andre omgang, skulle bli avgjerande då Tambar tok tre nye poeng på stadion tysdag kveld.
Fure var slettes ikkje noko dårleg lag, og skapte fleire sjanser inne i boksen til Tambar. Men forsvaret og keeperane til Tambar rydda greit opp i situasjonane, og Fure måtte med det gå mållause av bana for fyrste gong denne sesongen.

Kveldens match-vinner vart Tambar sin toppscorer, Sigve H. Longvastøl. Med eit kjapt og presist utkast frå Markus til Martin, som forserte oppover høgrekanten og la ein presis ball i bakrom til Sigve, som allerede hadde sett på turboen. Iskaldt set han ballen forbi sisteskansen til Fure.

6.divisjon avd. 2

Tambar-Fure 1-0 (0-0)
1-0 Sigve Heggedal Longvastøl

Dommer: Vårdal, Askvoll/Holmedal

Bilder frå kampen

Tambar:
Markus Hjelle Cirotzki
Marius Hallem
Eirik Engen Skadal
Gunnstein Vefring
Vetle Holsen Kyte
Alexander Fauske Helgås
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
Jesper Tomassen
Issayas Fanuel Efrem
Sigve Longvastøl

Thomas Dobbe Personbråten
Andreas Vatne
Joachim Engebø
Jørgen Helgheim
Nikolai Andal

 

Som sagt, gjestane frå Fure var langt ifrå eit dårlig lag, og laget tok respektlaust kommandoen på Naustdal stadion.
Frå sidelinja såg det nesten ut som Tambarspelarane hadde stor respekt for desse relativt fysisk sterke og hardtarbeidande Furekarane, som i perioder fekk all verdens tid til å legge til rette for sin eigen fotball.
Hadde trener Hoff skremt karane sine før denne kampen, om motstanden dei skulle få i kveld? Eller tok spelarane for lett på oppgåva etter to strake seierer i forkant av kveldens kamp?

Ikkje veit vi. Men faktum er at Tambar først i andre omgang tok til å vise litt musklar. Først då fekk vi sjå at spelarane gjekk hundre prosent inn i taklingane, presset vart meir aggresivt og dei lot ikkje Fure få bestemme åleine ute på grasmatta.

Skikkeleg jobbing og felles press, slik vi ynskjer å sjå, fekk vi faktisk ikkje sjå før laget hadde teke leiinga etter den glimrande kontringa som resulterte i scoring. Først då lukta det litt svidd av duellane, og spelarane hadde tydlegvis kasta lua som dei hadde tviholdt i hånda store deler av kampen.

Og med dette kom også sjansane, der fleire angrep vart rulla opp på kantane, eller ein stkkar vart servert den lynkjappe spissen vår. Men forsvaret til Fure jobba med nebb og klør, og gjorde det vanskeleg for oss. Så vanskeleg gjorde dei det for oss, at vi ikkje klarte å sette fleire baller bak Furekeeperen. Sjølv om det var nære på ved eit par høve.

På slutten pressa Fure på for utligning, og var nære på å lykkast. Men det gjorde dei altså ikkje, og Hoffen og Co kunne med det gå av bana med sin tredje strake seier.