6.divisjon avd. 2
Tambar-Tempo 1-1 (0-1)
0-1 Tempo (41 min)
1-1 Jesper Tomassen (88 min)
Tambar sin tropp (alle fekk speletid):
Markus Hjelle Cirotzki
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Alexander Fauske Helgås
Vetle Holsen Kyte
Martin Hukset
Sigve Longvastøl
Mathias Gamlestøl
Sander Kibsgård Nordheim
Jesper Tomassen
Issayas Fanuel Efrem
Andreas Vatne
Henrik Aase
Joachim Engebø
Jørgen Helgheim
Nikolai Andal
Ali Adam
Tambar viste litt av sine gamle takter att, då dei møtte Tempo til kamp på Naustdal stadion tirsdag kveld. Spelarane jobba meir som eit lag i denne kampen, og var meir hissige på å vinne duellane ute på bana, enn dei viste i sist kamp mot Anga.
Men laget starta puslete, og lot Tempospelarane styre det meste på bana dei fyrste 10-15 minutta. Og laget var heldig som ikkje fekk både eit og fleire mål imot i denne perioden. For Tempo var frampå med fleire farlige angrep, som fort kunne ha enda med ein forferdeleg start for Tambargutane.
Men heldigvis var det mållaust når Tambar etterkvart tok over initiativet i kampen, og viste etterkvart mykje bra spel og der spelarane var på hugget i taklingar og ballvinningar. Etterkvart kom også gutane til fleire gode målsjanser, både frå fotrappe Sigve og eit skot som Mathias fekk god dreis på. Men Tambar sin målkjenning lot vente på seg.
Og mot speltets gang, skjer det som ofte skjer i fotball. Medan Tambar står høgt på bana, bryt Tempo. Ballen blir spelt over på høgrekanten, der Tempospelaren får kontroll på ballen og set ballen bak Markus og i nota. Ikkje mykje rettferdig etter kva som hadde skjedd ute på bana, men fotballen kan ofte være urettferdig ….
I andre omgang fortset Tambar som dei gjorde i første omgang, der Tempo la seg noko djupare i bana. Dette gjorde det noko meir trøblete for Tambar og spele seg gjennom eit rimeleg kompakt forsvar til bortelaget, men som også i perioder var farlige på sine stikkballer til ein rimeleg kjapp spiss. Men på den største (og einaste?) målsjansen Tempo hadde i andre omgang, varta Tambarkeeper Thomas opp med ein glimrande beinparade og holdt heimelaget inne i kampen.
Tambar tok meir og meir over banespelet også utover i andre omgang, og laget kom stadig nærmare ein scoring. Men vi måtte vente til stadionuret tikka mot slutten før vi kunne sleppe jubelen laus.
Issayas sler ein god pasning til Ali på høgrekanten like utafor seksetenmeteren. Ali legg ballen glimrande til rette for Jesper som kjem i fart, og som dunker ballen kontant til høgre for Tempokeeperen og i nota. Flott scoring!
Med Tambar sin vel fortente scoring på tampen av kampen, ender det med 1-1 og poengdeling. Tambar hevar seg fleire hakk i denne kampen, og viser ein heilt anna arbeidsmoral enn vi såg i sist kamp.
Neste kamp er mot Hyllestad/Dale 2, som går på bortebane tysdag 6.juni.