6.divisjon avd.2

Tambar-Atløy 2-1 (2-0)
1-0 Aleksander Fauske Helgås (10 min)
2-0 Sigve Heggedal Longvastøl (43 min)
2-1 Atløy (64 min)

Tambar sin tropp :
Markus Hjelle Cirotzki
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Alexander Fauske Helgås
Vetle Holsen Kyte
Martin Hukset
Marius Hallem
Sigve Heggedal Longvastøl
Mathias Gamlestøl
Sander Kibsgård Nordheim
Jesper Tomassen
Issayas Fanuel Efrem
Andreas Vatne
Henrik Aase
Andrè Sølvberg
Joakim Engebø
Jørgen Helgheim

Bilder frå kampen 

Tambar vann sin siste kamp før sommarferien, då laget kunne gå av bana med ein 2-1 seier mot Atløy på Naustdal stadion tysdag kveld.
Begge måla til Tambar kom på dødball i fyrste omgang, der Aleksander F.Helgås hedda ballen kontant i mål etter ein god corner.
Mål nummer to var det lagets toppscorer som stod for på tampen av fyrste omgang. Eit frispark midtvegs inn på banehalvdelen til Atløy var perfekt lagt på hovudet til Sigve H. Longvastøl som på elegant vis sette ballen til sides for Atløykeeperen og i mål.

Tambar hadde bra kontroll på laget frå Atløy i første omgang, og utanom dei to scoringane hadde laget mange gode sjanser til å sette fleire baller i nota før pause. Men ein god bortekeeper gjorde det vanskeleg for Tambar, i tillegg til noko ukonsentrert hjå Tambarspelarane gjorde at det berre vart med dei to måla.

I andre omgang såg vi eit hardtkjempande Atløylag som klarte å bryte opp spelet Tambar forsøkte på, og bortelaget hadde mest lyst i denne omgangen. Ein dårlig avklaring i Tambarforsvaret midtvegs i omgangen skulle bli skjebnesvanger. Ballen havna hjå ein Atløyspeler på hjørnet av sekstenmeteren, og med eit velplassert skudd reduserte gjestane til 1-2.

Sjølv om halve laget til Atløy var nedom grasmatta i tur og orden med krampe i denne omgangen, gjorde dei eit ærlig forsøk på å skaffe seg ei utligning. Og laget var nære på ved eit par høve, nærast var dei då målstonga stod i vegen.

Om ein oppsummerer kampen grovt sett, kan vi vel sei at laga hadde kvar sin omgang. Tambar hadde ein bra fyrste omgang, der vi dei første tjue minuttane såg at dei hadde full kontroll. Laget spela enkelt og var tett opp i bortelaget og vann det meste av duellar ute på bana. Sjølv om Atløy kom noko meir inn i kampen på slutten av omgang ein, var det Tambar som fortsatt var det førande laget. Men nokre visittar framover hadde Atløy også, og laget var nær då eit skot traff målstolpen like før pause.
Andre omgang har vi allerede sagt noko om, og seier ikkje så mykje meir om det.