Vi veit at Hoffen er glad i konkurranse, leik og moro, og mange av a-lagsspelarane likar tydelegvis trenaren sine krumspring, då heile 20 spelarar tok turen til Naustdalshallen torsdag kveld. Samlinga av laget kvelden før sankthanskvelden, var ein markering av endt vårsesong og inngang til sommarferie for nokon.
Her skulle det konkurrerast i fotballtennis, five-a-side og ein mot keeper. Mykje moro i hallen i kveld, der smilet og latteren sat laust. Men også så pass seriøst at leiaren i fotballgruppa var glad for at det ikkje var tilskodarar invitert til gildet, for glosene hang ofte laust hjå spelarane i perioder.
Vinnarar vart det sjølvsagt kåra denne kvelden, og trenaren hadde vore og handla både sjampis og medaljer som høgtidleg vart delt ut til stolte vinnarar.
Beste lag vart «Racing Club» som besto av Martin, Odin, Anders og Iben. I keeperduellen mellom Markus og Thomas, var det Markus som kunne heve sjampisflaska over hovudet.
Resultat etter endt konkurranse: