Tambar våkna ikkje før ein halvtime ut i første omgang, då dei møtte Høyang 2 på bortebane i kveld. Då låg dei under 0-2.
I andre omgang løfta laget seg fleire hakk, men med ein mann utvist, vert det tøft for Tambar med ein spelar mindre på bana i nesten ein heil omgang.
6.divisjon avd.2
Høyang 2-Tambar 3-2 (2-1)
1-0 Høyang 2 (6.min)
2-0 Høyang 2 (18.min)
2-1 Sjølvmål (38.min)
3-1 Høyang 2 (67.min)
3-2 Jesper Tomassen (71.min)
Raudt kort: Andreas Vatne (57.min)
Tambar:
Markus Hjelle Cirotzki
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Alexander Fauske Helgås
Espen Langedal
Vetle Holsen Kyte
Martin Hukset
Sander Nordheim
Mathias Gamlestøl
Jesper Tomassen
Issayas Fanuel Efrem
Andreas Vatne
Joachim Engebø
Ali Adam
Det var heimelaget som tok tak i kampen og ville mest i starten på kunstgrasbana på Sletta i Høyanger, og allerede etter få minutter hadde vertane ein ball i nota. Men målet vart annulert for offside, og Tambar slapp med skrekken.
Men Høyang 2 fekk gjere mykje som dei ville ute på grasmatta den fyrste halve timen, og Tambarspelarane såg ut til å fortsatt være i feriemodus.
Med scoring til heimelaget i det 6. min (hedding etter ein corner) og i det 18.min ( Tambar misser ballen i eit angrep, heimelaget kontrer, langskot går i kverrligger og returen vert plukka opp av Høyangspissen som set ballen i mål) såg dette ut til å bli ein heilsvart dag for Tambarkarane.
Men heldigvis klarer gutane til trener Hoff å kome meir inn i kampen att, og laget skaper ein del trøbbel for vertane det siste kvarteret i omgangen.
I denne perioden kjem også reduseringa til Tambar. Sander tek med seg ballen på høgre kanten og kjem seg ned på kortlinja. Han legg ballen hardt inn framfor mål, der Aleksander har funne plass. I kamp om ballen med to forsvarerer frå Høyang 2, går ballen i nota via ein av Høyangspelarane.
I andre omgang fortsette Tambar der dei slapp i første omgang, og hadde planer om å snu kampen. Men oppgåva vart vanskeleg då Andreas måtte gå av bana med raudt kort i det 57.minuttet.
Heimelaget går opp til 3-1 i det 71.minuttet. Høyangerspelaren får tråkle seg, på uforklarligvis, gjennom heile forsvaret før han set ballen til side for Markus og i mål.
Sjølv med ein mann mindre i andre omgang, vart det ein jamnspela kamp. Tambar stod bra i forsvar og rydda bra unna forsøka til heimelaget.
For Tambar sin del, kunne laget scora både to og tre mål i denne omgangen, med lite gran meir tur. Men det vart med det eine målet, som Jesper sette i mål etter 71 minutter. Målet kom etter ein glimrande pasning få Mathias som sende ballen i bakrom over forsvaret til Høyang, og der Jesper var på rett plass.
Tambar pressa på i dei siste minutta av omgangen, og hadde blant anna fleire hjørnespark som kunne ha endt i mål, der Eirik var nærmast med ein hedding.
Kampen enda med 2-3 tap for Tambar, som dermed får ein dårlig start på haustsesongen. Høyang 2 var ikkje så bra at Tambar skulle måtte reise frå Sletta med tap. Men å være påskrudd frå start, er første bud i ein fotballkamp.
No heva laget seg mange hakk i slutten av første omgang. Og andre omgang kunne enda annaleis om laget hadde spelt med fullt mannskap.