6.divisjon avd. 2

Fure-Tambar 1-0 (0-0)
1-0 Fure (str.)

 

Tambar:
1 Markus Hjelle Cirotzki
3 Eirik Engen Skadal
6 Vetle Holsen Kyte
15 Joakim Høyseth Engebø
4 Aleksander Fauske Helgås
7 Martin Hukset
8 Issayas Fanuel Efrem
10 Mathias Gamlestøl
17 Sander Kibsgaard Nordheim
9 Jesper Tomassen
14 Iben Andre Munkvold
12 Thomas Dobbe Personbråten
18 Ali Adam Jacob Yousef

 

Tambar måtte på ny gå av bana med eit knepent eit måls tap, då dei møtte topplaget Fure til kamp på bortebane tirsdag kveld. I motsetning til lagets første haustkamp, mot Høyang 2, var Tambar meir på hugget frå start i kampen mot Fure.
Det vert meldt om ein god kamp av Tambargutane, og hadde fleire gode og store målsjanser i første omgang.
Dette fortsette også i andre omgang, men der heimelaget blir tildelt straffe midtvegs i denne omgangen. Og straffescoringa til Fure vart den einaste scoringa i kampen, som med kveldens seier trygga andreplassen på tabellen, like bak tabelltopp Anga.

Til tross for tapet i kveld, er trener Geir Hoff nøgd med det han såg i kveldens kamp, som vart spelt på Dingemoen i Dale. Spelarane hans er heilt på høgde med Fure, som dei vann 1-0 i vårsesongen.
Trenaren seier gutane hadde ein flott innstilling i kveld, og det vart jobba godt i alle ledd.

Allerede komande fredag speler Tambar ny kamp, og sin første heimekamp i haustsesongen. Motstander på Naustdal stadion fredag kl.19.00 er Førde 3.

Resultater og tabell