Tambar og Førde 3 gjekk mållause av bana, då laga møttes i 6.divisjonsoppgjeret på Naustdal stadion fredag kveld. Nærast scoring var Jesper Tomassen då skotet hans hamna i tverrliggaren i andre omgang.
6.divisjon avd. 2
Tambar-Førde 3 0-0
Dommer: Ragnar Åmot, Jølster IL.
Tambar:
Markus Hjelle Cirotzki
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Vetle Holsen Kyte
Joakim Høyseth Engebø
Aleksander Fauske Helgås
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
Sander Kibsgaard Nordheim
Jesper Tomassen
Iben Andre Munkvold
Ali Adam Jacob Yousef
Tobias Hoff
Andreas Vatne
Det vart ein jamnspela kamp i lokaloppgjeret mellom Tambar og Førde 3, der både heimelaget og gjestane kom til fleire store målsjanser.
Blant anna hadde både Jesper og Ali muligheiter til å sette ballen i nota bak Førdekeeperen i første omgang, der sisteskansen til Førde 3 hindre mål til Tambar.
Også Førde 3 hadde nokre sjanser som fort kunne gitt uttelling. Den største sjansen var då ein Førdespeler kom åleine med Tambarkeeper Thomas etter halvtimen i første omgang. Trener Hoff pusta nok letta ut då han såg ballen gå meteren utafor stanga i Tambarmålet.
Også andre omgang vart ein jamn batalje, der Førdelaget hadde mest fokus på å halde tett bak, og satse på lange baller og kontringer. Dette gjorde det vanskeleg for Tambar å spele seg gjennom eit til dels kompakt Førdeforsvar. Men Tambar kom alikevel til fleire gode målsjanser også i denne omgangen, etter at dei ofte rulla angrepa opp på kantane sine. Den største av dei alle, hadde Jesper etter om lag 70 minutter. Eit godt skot skulle vore nokre millimeter lågare, for då hadde ballen enda i målnota. Men i stadenfor traff ballen tverrliggaren, og spratt vidare ut langs kortlinja.
Sjølv med eit godt press mot slutten av kampen, makta ikkje Tambar å sette ballen i mål, og kampen enda dermed mållaus. Tydeleg letta og glade Førdespelarar gjekk dermed mot garderoben, medan Tambarspelarane tydeleg var skuffa over at dei ikkje klarte å avgere kampen i deira favør.