Ukonsentrasjon frå Tambar dei siste ti minuttane av første omgang, gjorde at Anga kunne takke og bukke, og avgjorde kampen før andre omgangen var starta.

6.divisjon avd.2

Tambar-Anga 1-4 (1-4)
0-1 (6 min)
1-1 Iben Munkvold (10 min)
1-2 (36 min)
1-3 (38 min)
1-4 (44 min)

Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
Eirik Engen Skadal
Vetle Holsen Kyte
Joakim Høyseth Engebø
Aleksander Fauske Helgås
Martin Hukset
Issayas Fanuel Efrem
Mathias Gamlestøl
Sander Kibsgaard Nordheim
Jesper Tomassen
Iben Andre Munkvold
Marius Hallem
Ali Adam Jacob Yousef
Willy Engebø

Allerede etter seks minutter spel kunne Tambar gått opp i 1-0 mot Anga på Naustdal stadion i kveld. Sander K. Nordheim vart takla i siste sekund då han var på veg mot Angakeeperen, ein takling som nok var avgjerande for bortelaget.
Anga går rett på ei kontring etter sjansen til Tambar, og gjorde det heimelaget ikkje makta sekunder før, å sette ballen i mål, og tek med det 1-0 leiing i kampen.

Men det skulle ikkje gå mange minuttar før vi fekk sjå ein ball i rette målet. Ein litt nølande Angaforsvarer med ein hardtkjempande Iben Munkvold i ryggen, gjer at Iben kan overta ballen utafor sekstenmeteren, sender av gårde ein suser som legge seg på rette sida ved stolperota, og det stå 1-1 etter ti minutter spel.

Etter at kampen var jamnspelt det første kvarteret, tek no gjestane meir over initiativet ute på bana. Tambar vert meir springande imellom og viser for lite aggresivitet mot eit rimeleg pasningssikkert Angalag. Berre hell og lykke, og ein god Thomas Personbråten, gjer at ikkje det vert baklengs utover omgangen.

På tribuna håper vi få i heiagjengen på at Tambargutane kan ri av stormen, når klokka går mot slutten av omgangen. Men i stadenfor får vi sjå ein liten halvkollaps av heimelaget.
Der både sløvt forsvarsspel, personlige feil og markeringssvikt gjer at Anga scorer tre kjappe mål i løpet av dei siste ti minuttane av fyrste omgang.

I andre omgang viser Tambarlaget mykje av det vi ynskjer å sjå av laget. Spelarane verka no å være i eit heilt anna modus, der dei er meir aggresive i gjennvinnig av ballen og kvaliteten på pasningsspelet har heva seg fleire hakk.
Dette gjer at laget kjem, etter bra spel, til fleire gode muligheiter i boksen til gjestane frå Førde. Men den siste dreisen i den aller siste fasen mangla det litt på, og difor vert det ein mållaus andreomgang for laget til Hoffen.

Tambar fosvarte seg godt i andre omgang, og slapp ikkje Angaspelarane til mange målsjanser i denne omgangen. Nokre skudd frå avstand var vel det einaste Tambarkeeper Markus H. Cirotzki måtte ta seg av i andre omgang.
I tillegg tykkjer vi som sagt at det er mykje positiv av Tambarlaget det fyrste kvarteret av kampen, og store deler av andre omgang.

Neste kamp for Tambar vert spelt tysdag 12.september. Då venter Tempo på bortebane.

Resultater og tabell