Iben, Ali og Jesper.

Tambar vann fullt fortent i bortekampe mot Tempo tysdag kveld. Til pause var stillinga 3-1 til heimelaget, som var svært så effektive framfor Tambarmålet i fyrste omgang. I andre omgang starta Tambar med to gedigne målsjanser, og etterkvart utligna dei til 3-3, etter to kjappe mål. Herifrå og inn, såg ikkje Tambarlaget seg tilbake og bestemte alt ute på bana og stoppa ikkje før laget hadde sett inn heile 7 mål.

6.divisjon avd. 2

Tempo-Tambar 3-7 (3-1)
1-0
2-0
2-1 Eirik Engen Skadal
3-1
3-2 Jesper Tomassen
3-3 Sander K. Nordheim
3-4 Sjølvmål (Jesper)
3-5 Jesper Tomassen
3-6 Iben Munkvold
3-7 Iben Munkvold

Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Aleksander Fauske Helgås
Vetle Holsen Kyte
Joakim Høyseth Engebø
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
Iben Andre Munkvold
Sander Kibsgaard Nordheim
Ali Adam Jacob Yousef
Jesper Tomassen

Andreas Kjørsvik Vatne
Ali Khaled Almohamad
Henrik Aase

 

Tambar fekk ein dårlig start mot eit rimeleg passningssterkt heimelag, som ofte kom kjapt fram på kantane sine og fekk lagt inn i Tambarboksen. Og dette vart oppskrifta for Tempo ved dei to fyrste scoringane, og der midtstopparane våre nok var for lite våkne i desse situasjonane.

Tambar si utligning til 1-2 kom etter corner, der Eirik Engen Skadal raga høgast og sette ballen kontant i mål.
Dette gav Tambarlaget ny energi, og laget kjempa seg noko meir innatt i kampen. Laget kom til fleire sjanser, men det mangla litt i den siste delen for å få utteljing.
Istadenfor kom Tempo på ny kontra på si venstre side, og som ved dei to tidligare måla enda ballen framfor Tambarmålet, der dei nok ein gong fekk ballen i nota og gjekk opp til 3-1. Dette var også stillinga til pause.

Trenar Hoff må hatt ein god pauseprat med gutane sine, for laget som entra bana til andre omgang, var tydeleg gira på å vise at her skulle det duellerast.

Og allerede etter fem minutter spel i denne omgangen, hadde laget to digre målsjanser, begge signert Sander K. Nordheim.
Ikkje lenge etter dei to store sjansane til Sander, fekk vi nok ein gigantsjanse til Tambar. Eit godt slått frispark frå Vetle Kyte, hadde Ali Adam Jacob Yousef egentlig berre å breidside i mål. Men den lille nølinga, gjorde at Tempokeeper kunne snappe ballen.

Tambar var skikkeleg på høgget no, og kom med mange spelarar når dei gjekk i angrep, og det var berre eit spørsmål om tid når 2-3 reduseringa skulle kome.
Og vi trengde ikkje vente lenge. Ein nydeleg stikkar frå Sander gjennom forsvaret til Tempo, gjorde at Jesper kunne sette fart forbi alt og alle, og kontrollert sette han ballen til sides for keeper og i mål.

Nok eit fint angrep av Tambar, der Ali med kjappe føter gjer forsvaret til heimelaget svimle, kjem seg ned til kortlinja, og serverer Sander som dunker ballen i nota og utligning til 3-3.

Herifrå og inn er det mykje Tambar det handler om på kunstgraset på Florø stadion. Laget spelar i perioder ball i hatt mot trøytte Tempoføter, og dei gongene dei misser ball er dei aggresive i ballgjennvinninga.

Tambar går opp i leiinga for første gong i kampen midtvegs i omgangen. Jesper jager ein ball som er på veg inn til keeper, der sisteskansen til Tempo regelrett bommer på ballen når han skal avklare. Ballen ruller vidare og passerer målstreken, og Tambar er i føringa med 4-3.

Jesper er svært aktiv i andre omgang. Og nok ein gong er han frampå og set inn 5-3. Eit langt innkast frå Joakim Engebø tek Jesper med seg og lobber ballen fint over keeper og i mål.

To fine mål fekk vi også sjå når laget går opp til 6-3 og 7-3.
Jesper blir frispelt på sin høgre kant, går til kortlinja og ser Iben kjem i full fart inne i boksen til Tempo. Ballen er hard og presis, og Iben er like presis når han dunker ballen utan sjanse for keeper.

Nok eit flott spel og fint mål får vi sjå når Tambar fastset resultatet til 7-3.
Ein nydeleg stikkar frå Aleksander F. Helgås til Jesper som er på løp frå forsvaret. Her kunne Jesper ha avslutta sjølv åleine med keeper. Men i stadenfor serverer han ballen på sølvfat til Iben, som kjem i fart på venstrekanten, og i nærmast i åpent mål set han sin andre og lagets sjuande scoring for kvelden.