Tambar har holdt scoringsformen frå sist veke, då laget valsa over Tempo på bortebane med heile 7-3. For også i kveldens kamp vart det mange Tambarmål, då laget tok i mot Hyllestad/Dale til Tambar sin siste heimekampen denne sesongen. Heile 7-2 enda kampen, og dermed har laget scora 14 mål på dei to siste kampane sine.

6.divisjon avd.2

Tambar-Hyllestad/Dale 7-2 (4-1)
1-0 Joakim Høyseth Engebø
2-0 Jesper Tomassen
3-0 Iben Andre Munkvold
3-1
4-1 Iben Andre Munkvold
4-2
5-2 Iben Andre Munkvold
6-2 Sjølvmål
7-2 Jesper Tomassen

Dommer: Per Oddvar Lien, Høyang IL

Bilder frå kampen

Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Aleksander Fauske Helgås
Vetle Holsen Kyte
Joakim Høyseth Engebø
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
Iben Andre Munkvold
Sander Kibsgaard Nordheim
Ali Adam Jacob Yousef
Jesper Tomassen

Marius Hermann Hallem
Andreas Kjørsvik Vatne
Issayas Fanuel Efrem
Ali Khaled Almohamad
Henrik Aase

 

Eit kvarter var spelt då Tambar åpna målkontoen mot Hyllestad/Dale denne tirsdagskvelden, i fint spelevær og rekordmange på tribuna i det fine været.
Og det var litt av eit stjernetreff Joakim fekk på kula, då han frå om lag 25 meter klinka til og ballen suste utagbart til sides for gjestane sin keeper og i mål.

Eit glimrande gjennomspel frå Sander fram til Jesper var forshpiel til mål nummer to til heimelaget. Jesper rister av seg forsvarspelarane på veg mot mål og plasserer ballen elegant over keeper og i nota.

3-0 kjem etter corner til Tambar. Litt fram og tilbake inne i femmeteren, før Iben er våkent frampå og legg ballen fint til venstre for keeper og i mål.

Gjestane reduserer til 1-3 då eit frispark frå venstre går direkte i Tambarmålet.

Like etter scoringa til Hyllestad/Dale er Iben frampå igjen, når han på ny styrer ballen inn til venstre for keeper og fastset pauseresultatet til 4-1.

Etter pausen er det gjestane frå Hyllestad som er fyrst frampå med scoring. Sjølv om det lukta eit lite snev av offside, reduserer laget til 2-4.

Etter ein liten periode der Tambar ser nøgde ut med resultatet, tek laget igjen tak i kampen.
Jesper kjem seg fri på venstre kant, han ser at Iben kjem i fart framover, sender ballen vidare til han og Iben har små vanskar med å auke leiinga til 5-2.

6-2 kjem etter eit godt slått frispark av Joakim. Ballen er innom både Tambarspelarar og gjestande spelarar, der siste touch på ballen er frå ein spelar frå Hyllestad/Dale, og dermed sjølvmål.

Ein ny perle frå duoen Sander/Jesper, mykje likt då laget gjekk opp til 2-0, fastset sluttresultatet til 7-2. Ein flott stikkar frå Sander som Jesper tek godt vare på, og han gjer ingen feil då han set inn sitt andre mål for kvelden.