Tambar spelte sin siste kamp for sesongen, då laget møtte Atløy på bortebane tysdag kveld.
Spelarane til trener Geir Hoff avslutta med ein grei 2-0 seier, og ender med det på fjerde eller femte plass i årets 6.divisjon.

6.divisjon avd.2

Atløy-Tambar 0-2 (0-1)
0-1 Eirik Engen Skadal
0-2 Jesper Tomassen

Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Aleksander Fauske Helgås
Vetle Holsen Kyte
Joakim Høyseth Engebø
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
Iben Andre Munkvold
Sander Kibsgaard Nordheim
Ali Adam Jacob Yousef
Jesper Tomassen
Marius Hermann Hallem
Andreas Kjørsvik Vatne
Issayas Fanuel Efrem
Ali Khaled Almohamad
Henrik Aase

Utifrå rapportane frå dagens kamp hadde Tambar grei kontroll mot heimelaget Atløy, på den nylagde og flotte kunstgrasbana på øya. Dei skapte mange gode målsjanser i løpet av kampen, og burde ha sett både fire og fem baller i mål, vert det sagt.

Tambar er med kampen mot Atløy, ferdig med sitt seriespel for i år. Laget fekk ein bra avslutning på haustsesongen, der laget vann sine siste tre kampar.
Sesongen sett under eit, har laget vore for ustabile, og har hatt ein del «unødvendige» tap og poengtap. Dermed ender laget på ein 4. eller 5.plass, avhengig av korleis det går med Tempo i sin siste kamp.

Tambar har hatt ein bra stamme med 14-15 spelarar på treningane heile sesongen, og forhåpentlegvis fortset desse spelarane med gode treningar i vinter. Bak desse, kjem mange spennande gutar frå eigen stall, som mest trulig blir å sjå på Tambar sitt a-lag framover.

Neste oppgåve for spelarane på a-laget, vert deltakelse på Førde Cup innandørs for dei yngste. Førde Cup går i Førdehuset 10-12 november.
I desember vert det spelt KM innandørs for sesiorlag, og her vert trulig Tambar eit av laga som deltek.

Resultater og tabell 6.divisjon avd.2