Nok ein gong er det ein Naustedøl som sikrar Førde scoringar og poeng i nedrykksdramaet i 3.divisjon. Som mange gonger før denne sesongen, er det Vegard Savland som er vekta på den berømmelege vektskåla, og nok ein gong er han frampå og scorar for Førde i dagens kamp mot Spjelkavik.
Kampen gjekk på bortebane, der heimelaget var i føringa med 2-0 til pause. Med scoringar av Vegard i det 50. og 58. minutt, klatrer han også opp på tredje plass på toppscorarlista i divisjonen, med sine 18 mål.
Kampen enda 3-3, der Myrkaskog scorer Førde sitt siste mål.

Med Ola Rognebakke, Daniel Kvalvågnes og storscoreren Vegard på laget i dag, er det liten tvil om at desse har vore viktige for at Førde er med i kampen for at Førde skal klare å halde seg i 3.divisjon. I tillegg har også Elias Rognebakke og Marius Storevik, også desse Naustdalsgutar, vore med å bidra på Førde i 3.divisjon denne sesongen.

Fjøra spelar i same divisjon som Førde, og slit i nedre sjikt på tabellen. I dag vann dei 4-2 mot Fyllingsdalen.

I 2014 og 2015 spela Tambar og Fjøra i 4.divisjon. 30.april 2014 utklassa Tambar dei på Fosshaugane Campus.

Les refferat frå kampen Fjøra-Tambar.