Tristan Bergby Carlsen (t.h) scora 3 mål mot Svelgen.

Tambar spelte sin andre treningskamp, om ein ser bort frå Eikefjord Cup helga før påske, då dei møtte Svelgen til kamp torsdag kveld.
Vi fekk ikkje være til stades på kampen, som vart spelt på kunstgraset i Svelgen. Men rapportane vi har fått frå kampen, seier at Tambargutane hadde ein lite god fyrste omgang.
I andre omgang heva laget seg betraktleg, ifylje trener Geir Hoff, og laga gjekk av bana ved kampslutt med like mange scora mål. Kampen enda 4-4.

Det er verdt å merke seg at Tristan Bergby Carlsen scora heile tre mål i oppgjeret mot divisjonskollega Svelgen. Tristan meldte overgang til Tambar i vinter, og er fortsatt gutespeler. Sjølv om han blir mest å sjå på gutelaget til Tambar denne sesongen, vil vi tru at vi kan få sjå han på Tambar sitt 6.divisjonslag også.

Det fjerde målet til Tambar var det Jesper Tomassen som stod for. I tillegg til måla, brente også Tambar eit straffespark.