
Tambar fekk ein god start på sesongen i 6.divisjon, då laget vann 3-0 mot Gaular på Naustdal stadion tysdag kveld. Den konfortable seieren kunne fort blitt endå større, om laget hadde sett nokre av dei store sjansane laget skapte. Blant anna hadde Iben eit susande stangskot på tampen av fyrste omgang, og etter at laget gekk opp i leiinga, produserte laget mykje bra offensivt.
6.divisjon avd.2
Tambar-Gaular 3-0 (o-o)
1-0 Eirik Engen Skadal (Assist: Martin Hukset)
2-0 Sjølvmål (Assist: Vetle Kyte)
3-0 Iben Munkvold (Assist: Aleksander Fauske Helgås)
Dommer: Ragnar Åmot, Jølster
Tilskuere: 53
TAMBAR:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
Eirik Engen Skadal
Ali Khaled Almohamad
Vetle Holsen Kyte
Espen Eithun Langedal
Tristan Bergby Carlsen
Martin Hukset
Aleksander Fauske Helgås
Odin Hjellbrekke Svoen
Sander Kibsgaard Nordheim
Iben Andre Munkvold
Joakim Høyseth Engebø
Jesper Tomassen
Andreas Kjørsvik Vatne
Ali Adam Jacob Yousef
Mathias Gamlestøl
Tambar var det beste laget på stadion i kveld, det er faktisk lenge sidan vi har sett eit så bra Tambarlag. Dei var på hugget heilt frå start, aggressive og jobba godt for kvarandre, ein glimrande laginnsats, der alle ville gjere ein jobb for laget.
Trenar Geir Hoff, ilag med hjelpetrenarane Håkon Svoen og Espen Langedal, har hatt eit bra oppmøte med god intensitet på treningane den siste tida. Dette gjenspegler nok den gode innsatsen på kunstgraset i kveld, der spelarane løfter kvarandre fram gjennom heile kampen med vilje i duellane og aggressivt press.
Måla kjem slik:
1-0 Godt hjørnespark frå Martin frå venstre der Eirik ruver i feltet, og sesongens fyrste mål er eit faktum.
2-0 Nok eit hjørnespark, denne gongen frå venstre. Vi veit Vetle har ein god venstrefot, noko han får bevist her. Ballen er godt slått og lager kaos i forsvaret til Gaular, der ein Gaularspelar til slutt set ballen i eige mål.
3-0 For eit mål! Iben er på veg tilbake til formen han hadde for nokre år sidan. Han får servert ballen frå Aleksander på høgrekanten, lurer av to forsvarere frå Gaular på veg framover og frå 13-14 meter plasserer han ballen ved venstre stolperot.
Sida blir oppdatert ……….