
Tambar møter Tempo til kamp på bortebane, når den andre runde i 6.divisjon vert sparka i gang tysdag kveld.
Som kjent fekk Tambar ein god start i fyrste runde, då dei banka Gaular 3-0 på Naustdal stadion sist tysdag. God start fekk også Tempo på årets sesongstart, då dei vann 3-2 mot Florø 3, og sette inn det avgjerande målet fire minutter før slutt.
Dei andre kampane i den første runden i 6.div avd.2 enda slik:
Eikefjord-Fure 1-0
Svelgen/Bremanger 2-Førde3 2-1
Askvoll/Holmedal-Hyllestad/Dale2 0-0
Dette betyr at Tambar troner på toppen av tabellen etter den fyrste serierunden. No står ein vanskeleg kamp mot Tempo på bortebane for tur. Men om Tambarlaget har den same aggressiviteten mot Florølaget, som laget hadde mot Gaular, kan det fort bli med poeng tilbake til Naustdal denne tysdag kvelden.
Les: Tambar snudde 1-3 til 7-3 mot Tempo
Også i denne kampen køyrer vi ein tippekonkurranse, der vi inviterer deg til å tippe sluttresultatet i kampen Tempo-Tambar.
Vinnaren denne gongen kan stikke av gårde med 3 Flaxlodd.
Kvar tippar kan berre legge inn eit tips. Om fleire har tippa rett resultat, blir vinnar avgjort på loddtrekking.