Ein del sjukdom og andre kollisjonar gjorde at fem og ein halv spelarar frå kamptroppen i førre møte med Gaular, måtte melde avbod til kveldens kamp mot Tempo på krøllgraset i Florø.

6.divisjon avd. 2
Tempo-Tambar 3-0 (1-0)

Tambar «booka» under for Tempo Første skåring kjem kort tid før pause. Book får ballen på høgrekanten og slår inn mot mål. Keeper Thomas får boksa ballen ut mot straffemerket i duell med ein angripar som er tøff i duellen med Thomas. Returen set ei kvittrøye høgt i nettet. 1-0 Tempo. Med gulsvarte briller hadde vi ikkje hatt noko imot å få eit frispark for angrep på keeper.

Tambar hadde mange halvsjansar i førsteomgang der den nest siste pasningen anten var for upresis eller enda i snille avslutningar som keeperen til Tempo hadde små vanskar å hanskast med.

Den andre omgangen startar rufsete for Tambar. Upresist pasningspel og merkelege val vart kjenningsmelodien i store delar av andre omgang. Initiativa rundt ballførar har også vore betre enn det som var tilfellet i kveld.

Likevel kjem vi til eit par sjansar, då eit godt vakse Tempo-lag truleg vert litt mørne i beina og ikkje klarar å hengje med dei få gongene vi får det til å stemme. I tillegg serverer dei oss både to og tre mogelegheiter på sølvfat som vi ikkje maktar å omsetje i form av skåring.

Når Tempo då er effektive og har ein spelar som Kristoffer Book blir det farleg når vi gir han gode arbeidsvilkår. Han set inn 2-0 med ein frekk lobb etter at vi har mislukkast med å avklare eit langt oppspel. Thomas kjem ut og gjer ei god redning, men den lause ballen er det Book som er først på. Han vender kjapt og chippar ballen med utsida av foten over alle og ned på innsida av sidenettet.

Den tredje skåringa kjem etter om lag 60 minuttars spel. Igjen skjer det på Tempo si høgreside. Booken og backen kombinerer før dei får slått inn frå linja. På bakarste stolpe kjem evigunge Roger Nordal og sklitaklar inn 3-0.

Den siste halvtimen skulle ein tru var kick-off for russen. Det vart delt ut eit utal gule kort. Dei fleste til heimelaget. Det vert litt ampert ved eit par høve, men ikkje verre enn at kampleiar får roa gemyttane. Vi let oss nok irritere ekstra fordi vi veit at vi har gjort ein dårleg kamp, og rutinerte Tempo-spelarar brukar gamle triks i boka for å få tida til å gå når dei ligg føre med tre mål.

Kampen endar 3-0 til FK Tempo. Ikkje mykje godt å skrive heim om. Vi burde ha teke betre vare på overgangane våre i andre halvleik då vi merkar at tunge Tempo-bein har vanskar med å halde følgje med dei unge angrepsspelarane våre, men det kan virke som det brenn litt under beina, der vi vel lange, vanskelege pasningar i staden for å angripe inn i store ledige rom som oppstår sentralt i bana. Vi får tru og håpe at vi tek lærdom av dette. Alt i alt ein fortent siger til eit effektivt heimelag leia av Booken.

Ref.: Espen