6.divisjon avd. 2
Naustdal stadion
Tambarskjelvar – Fure 3-2 (1-2)
1-o Aleksander Fauske Helgås (4 min)
1-1 Oddvar Einen (18 min)
1-2 Jørn Solås (25 min)
2-2 Iben Munkvold (68 min)
3-2 Iben Munkvold (75 min)
Dommer: Per Oddvar Lien, IL Høyang
Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Ali Khaled Almohamad
Vetle Holsen Kyte
Espen Eithun Langedal
Tristan Bergby Carlsen
Martin Hukset
Aleksander Fauske Helgås
Odin Hjellbrekke Svoen
Sander Kibsgaard Nordheim
Iben Andre Munkvold
Marius Hermann Hallem
Jesper Tomassen
Andreas Kjørsvik Vatne
Ali Adam Jacob Yousef
Joakim Høyseth Engebø
Eit skadeutsett Fure møtte opp til den utsette kampen på Naustdal stadion i tredje runde som med rett skulle vore spela 1. mai. Det var kjølig i kveld, og spelemessig var det ikkje mykje å varme seg på, men det oppstod fleire heite situasjonar i løpet av kampen der dommar Lien måtte blåse luft gjennom fløyta si.
Vi startar kampen temmeleg bra om tek tidleg leiinga etter at Iben og Tristan kombinerer på høgresida. Tristan kjem seg til linja og slår inn mot bakarste. Vi fylte opp boksen med fire gulkledde. På bakarste stolpe får Sander avslutta på heil volley. Keeper reddar, og returen hamnar i beina på Aleksander som dreg av ein mann og bankar ballen opp i nettaket. 1-0!
Etter å ha kome under tek Fure kontroll over banespelet. Dei er tålmodige i oppbygginga og trillar ball i hatt med oss. For det meste på deira eigen halvleik. Men dei såg også sitt snitt til å utnytte bakrommet dersom presset vårt var halvhjarta. Fure kjem til ein stor sjanse etter eit frispark som Thomas får fingertuppane på. Fantastisk redning.
Utlikninga kjem midtvegs i den første halvleiken då ein lang ball blir slått mellom back og stoppar. Kantspelaren deira får slått inn. Angriparen er markert, men legg ballen tilbake til ein støttande lagkamerat som spelar vidare ut til kantspelar på motsett side. Han tuppar ballen i lengste hjørne. 1-1.
Ikkje lenge etter er det Fure som går opp i leiinga etter ein fast situasjon. Fure er sterke på daudballar. Dei brukar tid og flyttar opp dei største karane sine. Dei vinn den første duellen etter eit langt kast. Løpet bak den første duellen er det ingen i gult som føl. Aleine med Thomas set dei inn 1-2. Teljefeil? Juks i markeringsspelet? To møkkamål vi gjerne skulle vore forutan.
Resultatet står seg til pause. Ikkje at det florerar med sjansar, men Fure held klart mest i ballen. Dei er aggressive i presspelet og gjev oss lite tid med ballen. Vi slår mykje langt og upresist. Men vi har også nokre faste situasjonar der vi kjem til sjansar. Det var ikkje ufortent at Fure leia til pause. Vi vart samde om å prøve å unngå nærduellane mot fysisk overlegne furemenn, få ballen ned på bakken og spele rundt dei.
Andreomgangen starta i same spor som den første vart avslutta. Men det merkast utover i omgangen at motstandarane våre byrjar å verte slitne. Etter eit tilbakespel til keeper Thomas kjem angriparen deira i stor fart, men altfor seint og gir Thomas ei lårhøne, eller ein lårstruts. Thomas vrir seg i smerter og må kaste inn handkleet. Utan Markus i kamptroppen ser det no mørkt ut. Men Vetle tek på seg hanskane og prøver å overbevise Espen og Eirik om at han har lang erfaring som keeper. Vi må le av han. Då såg det mørkt ut. Joakim kjem inn på venstrebacken. Fure prøver seg på fleire langskot, men Vetle strekk armen i vêret for å signalisere at han har full kontroll.
Iben skal sende oss inn igjen i kampen med ei sleip lurve frå distanse. Ein stikkar blir slått i bakrom, men Iben luktar den ikkje. Han går aldri på løp, men det gjer Aleksander som stressar keeper til å klarere ballen i beina på Iben som på skrått hald frå 20 meter lobbar ballen i det tomme buret. Lurvete, men deilig.
Ikkje lenge etter har vi snudd kampen igjen. Vetle har målspark og ropar ned stopparane. Responsen han får er ”Bakrom i retning Iben”. Målsparket blir slått, ballen går over midtbanespelarane og sprett over hovudet på stopparen til Fure. Heldigvis har Iben starta denne gangen. Aleine med keeper set han sikkert inn 3-2!
Andreas, Marius og Jesper kjem også innpå med friske bein og bidreg med løpskraft når vi skal forsvare leiinga. Andreas er livlig på venstrekanten og skapar trøbbel for Fure. Han vinn fleire innkast og hjørnespark mot ein sliten back.
På tampen vert det ampert etter ein tøff duell mellom Aleksander og backen til Fure. Dei går begge i bakken. Dei ligg og sprellar litt før dei sprett opp igjen. Furespelaren nikkar Aleksander i tinningen. For dette får han raudt kort og marsjordre.
Kampen ebbar ut med ein heldig, men deilig 3-2-siger til Tambarskjelvar. All kred til gutane for å klare å snu ein kamp der vi blir springande mykje utan ball.
Ref.: Espen Eithun Langedal