Det vart ein mållaus kamp då Tambar og Eikefjord møttes til dyst på Naustdal stadion tysdag kveld. Gjestane får sitt første poengtap denne sesongen, medan Tambar spelar sin andre uavgjort kamp på rad.
6.divisjon avd. 2
Tambar-Eikefjord 0-0
Dommer: Per Oddvar Lien, IL Høyang
Det var ein relativ jamn kamp i sommarvarmen på stadion, der begge laga kom til fleire store sjanser som fort kunne gitt utteljing.
Men utan å være altfor patriotisk, meiner vi Tambargutane var hakket kvassare enn dei oransjekledde gjennom store deler av kampen. Og positivt er det at heimelaget skaper so pass med målsjanser som dei gjorde, mot dei robuste forsvararane til Eikefjord. Nokre av målsjansane var so pass feite og utrulig at ikkje nokon av dei enda i nettmaskene.
Vi trur spelarane berre var passeleg nøgde med uavgjort mot tabelleiaren etter dagens kamp. Dei hadde nok sjanser til å kunne avgjere kampen til sin fordel, men dessverre kom ikkje målet som dei trong for å tukte Eikefjordkarane.
Dagens dommer var Per Oddvar Lien, IL Høyang (bilde under), som for andre gongen leda ein 6.divisjonskamp på Naustdal stadion denne sesongen. I tillegg til god dømming, gratulerer vi han med jubileum i år. Han har dette året 30 års jubileum som dommer!