Tambar spelte sin tredje uavgjortkamp på rad, då laget møtte Florø 3 på bortebane tysdag kveld. I ein jamn avdeling, der alle slår alle, er det Tempo som no har rykka litt i frå. Florølaget har enno ikkje avgitt poeng so langt, med seier i alle kampane sine, blant anna med 3-0 seier over Tambar.

6.divisjon avd 2
Florø 3-Tambar 1-1 (0-1)

0-1 Iben Munkvold
1-1 Florø 3

 

Nok ein gong var det Iben som scora Tambar sitt mål, då han gir Tambar leiinga 1-0 i første omgang på kunstgraset i Florø. Det skulle sjå ut som om Tambar skulle klare å kontrollere leiinga inn, og laget hadde også sjanser til å auke leiinga, blant anna ved målscorer Iben.

Men berre 6 minutter før full tid, skjer det som ikkje skulle skje. Florø 3 får den seine utligninga, og Tambar klarer ikkje kome tilbake i kampen med det avgjerande målet.
Dermed vert det poengdeling mellom Florø 3 og Tambar.

Dette vert Tambar sin tredje kamp der laget må dele poenga med motstander. Mot Eikefjord vart det mållaust og 0-0, medan Iben også var frampå og sikra poeng på bortebane mot Førde 3 i 1-1 kampen på bortebane