
Etter tre uavgjorte kampar på rad, vart det endeleg seier for Tambar igjen tysdag kveld. Laget møtte Svelgen/Bremanger 2 på Naustdal stadion, der lagets toppscorer, Iben Munkvold, prikka inn heile tre mål.
6.divisjon avd 2
Tambar-Svelgen/Bremanger2 5-0 (2-0)
1-0 Iben Andre Munkvold
2-0 Iben Andre Munkvold (str)
3-0 Michael Kristiansen Johannessen
4-0 Sander Kibsgaard Nordheim
5-0 Iben Andre Munkvold
God dommer: Sjur Haugen, Dale IL
Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Marius Hermann Hallem
Eirik Engen Skadal
Vetle Holsen Kyte
Espen Eithun Langedal
Tristan Bergby Carlsen
Martin Hukset
Aleksander Fauske Helgås
Odin Hjellbrekke Svoen
Jesper Tomassen
Iben Andre Munkvold
Sander Kibsgaard Nordheim
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Issayas Fanuel Efrem
Michael Kristiansen Johannessen
Fyrste målet til Tambar kjem om lag kvarteret ut i fyrste omgang. Tambar vinn ballen etter eit hjørnespark frå gjestane, og ballen blir slått mot Iben som ligg på topp. Dei to oppassrane sine spring han lett ifrå, og åleine med keeper set han ballen iskaldt til side for sisteskansen og i mål.
Utover omgangen kjem begge laga til ein del halvsjanser, utan at det resulterer i mål.
På tampen av omgangen vinn Jesper ballen heilt nede på kortlinja. Han set fart inn i feltet forbi eit par Svelgenforsvarere, og ei felling måtte til for å stoppe han. Dommer peiker korrekt på straffemerket. Iben setter straffa i nota, og auker leiinga til 2-0 etter si andre scoring.
Bilde: Sander har sett inn Tambar sitt fjerde mål, og takker Iben for pasninga i forkant.
I andre omgang kjem både Michael og Sander inn, og begge desse kjem på scoringslista i denne omgangen.
Michael laga mykje frustrasjon hos bortelaget etter at han kom inn, og gjorde ein framifrå jobb for laget. Og jobben hans vart kruna med ei flott scoring, då han avanserer på tvers foran boksen og med eit velplassert skot ligg ballen klistra ved høgre stolperot og i mål. Dermed noterer han seg for sin første scoring på a-laget.
Sander set ballen iskaldt og velplassert i mål, då han aukar leiinga til 4-0. Etter litt fram og tilbake mellom fleire Tambarspelarar, er det til slutt Iben som får slått over til Sander, og set ballen i mål, utan sjanse for sisteskansen til Svelgen.
Iben starta målfesten på stadion i dag, og får også æra av å avslutte den. På ny er han best og sterkast i kamp om ballen, og nok ein gong lurer han keeper når han fastset resultatet til 5-0.
Bilde: Iben fastset her resultatet til 5-0 etter si tredje scoring for kvelden.
Vi fekk sjå mange gode prestasjoner av Tambarspelarane i kveld, og kjekt å sjå at den kolletive jobbinga var tilbake i laget. Vi har allerede nemnt Michael med eit godt innhopp, og kunne ha lista opp mange fleire. Alikevel nøyer vi oss med å dra fram dei to midtstopparane, Espen Langedal og Eirik Engen Skadal. Desse to hadde godt kontroll i dei bakre rekker i kveldens kamp, der blant anna den tidligare Eikefjordgiganten, Mjølkeråen, vart godt temma. Og ikkje minst tremålscorer, og lagets toppscorer, Iben Munkvold.
Bilde: Espen og Eirik hadde god kontroll i forvaret til Tambar i kveld.
Bilde: Espen var ein av banas beste i kveld, og hadde god kontroll på gjestane sine angriparar.
Til høgre ser vi Aleksander, som spelte ein god kamp og som hadde to assist i kveld.
Bilde: Jesper er frampå i andre omgang, men det vert berre nesten denne gongen.
Bilde: Issayas kom inn i andre omgang, og viste litt av gamle takter med blant anna tunneller
på frustrerte Svelgenspelarar.
Bilde: Iben gjorde livet surt for Svelgen forsvaret ved fleire anledningar i kveld. Denne
gongen får gjestane avklart.
Bilde: Dei heller få publikummarane som hadde teke turen i kveld, kosa seg i det varme
været og med god kamp av Tambarlaget. Og 5 flotte mål!