Tambar laga målfest på Naustdal stadion tysdag kveld, då laget tok imot Tempo i haustsesongens fyrste kamp i 6.divisjon. Tambar sin toppscorer Iben Munkvold fornekta seg ikkje denne gongen heller, og gjekk likså godt av bana med hatrick. Og med to mål av Eirik E.Skadal og eit av Odin H.Svoen, vart det storseier mot karane frå Florø.

6.divisjon avd 2

Tambar-Tempo 6-3 (3-0)

1-0 Iben Munkvold
2-0 Iben Munkvold
3-0 Odin H. Svoen
3-1 Tempo
4-1 Eirik E. Skadal
4-2 Tempo
5-2 Eirik E. Skadal
6-2 Iben Munkvold
6-3 Tempo (sjølvmål)

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Eirik Engen Skadal
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Gunnstein Vefring
Tristan Bergby Carlsen
Martin Hukset
Odin Hjellbrekke Svoen
Sander Kibsgaard Nordheim
Vetle Holsen Kyte
Iben Andre Munkvold

Henrik Falkenstein Grønfur
Jesper Tomassen
Marius Hermann Hallem
Joakim Høyseth Engebø

 

Trener Geir Hoff og a-laget fekk ein god start på haustsesongen og gjennomførte ein god kamp mot Tempo på Naustdal stadion tysdag kveld.

Laget viste god aggressivitet og var løpsvillige, særlig i første omgang, og kunne gå til pause med ein fortent 3-0 leiing. Stillinga til pause kunne fort vore større, då laget hadde muligheit til å putta på eit par til.

I andre har Tambargutane meir bensin på tanken enn gjestane frå kystbyen i vest, sjølv om dei set inn ringreven Roger Nordal på topp. Tambar skapar mange sjansar også i denne omgangen og skårar fire mål.

Kjekt er det å sjå gutespelarane som gjer ein god figur på a-laget. Odin H. Svoen var god i kveld, og med eit mål og ein assist, trur vi både trener og han sjølv er nøgd med innsatsen i kveld. Ein anna gutespeler som fekk vise seg fram i kveld, var Henrik Grønfur. Han kom inn siste kvarteret og gjorde mykje rett. Han hadde ei heading som blei redda på strek og eit skot som strauk stolpen.

I tillegg til Odin sitt mål, scora stopparkjempa til Tambar, Eirik E. Skadal, to på corner. Tambar sin målgarantist og lagets toppscorer, Iben Munkvold, hadde sjølvsagt målteft denne kvelden også. Han gav seg ikkje før eit hattrick var eit faktum.

Sander Kibsgaard Norheim gjorde seg også bemerka i kampen, der han vann mange avgjerande ballar høgt i bana.

Tambar sin trufaste og oppofrande Førdegut, Vetle Holsen Kyte, spelte sin siste kamp for laget denne kvelden. Han avslutta sjølvsagt med stil, og hadde mange gode pasninger og dødballer mot Tempo. Vetle har aksla Tambardrakta i fleire år, og har vore ein viktig spelar for Tambar. Vi takkar han for god innsats og ynskjer han lukke til vidare.

Eit lite skår i gleda, var at både Eirik og Iben måtte ut med skadar. Vi håper dei kjem til hektene att før neste kamp, som er borte mot Fure.