Både Tambar og Førde 3 hadde nok sjanser til å avgjere kampen i 6.divisjonsoppgjeret på Naustdal stadion tysdag kveld, der keeper-Thomas vart avgjerande for at heimelaget kunne gå av bana med poeng, i tillegg til scoringar av Tristan og Iben.

6.divisjon avd. 2

Tambar-Førde 3 2-2 (1-2)

0-1 Førde 3
1-1 Tristan Bergby Carlsen
1-2 Førde 3
2-2 Iben Munkvold

Dommer: Ragnar Åmot, Jølster IL

Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Samson Steindal Vonen
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Joakim Høyseth Engebø
Anders Aase
Tristan Bergby Carlsen
Martin Hukset
Michael Kristiansen Johannessen
Sander Kibsgaard Nordheim
Iben Andre Munkvold

Nikolai Stølsvik
Jesper Tomassen
Gunnstein Vefring

 

Tambar starta kampen best, og rulla opp mange fine angrep i starten av fyrste omgang. Særlig laga driblefanten og hurtigtoget Michael Johannessen kaos i dei bakre rekker hjå Førde, der han tilsynelatade leika seg forbi kvar gong han prøvde. Tambar kunne med litt tur ha gått i leiinga dei fyrste minutta, men målet skulle la seg vente på.

Istaden var det Førde 3 som skulle sette inn kampens første mål, mot spelets gang, då Tambar med litt rot i bakre rekker misser ballen, og ein Førdegut får lett veg mot mål og sett den bak keeper-Thomas og i nota.

Fortent var det då Tambar endeleg får nettkjenning og utligner til 1-1. Ein godt slått corner av Martin Hukset stusser innom Anders Aase før den havner hjå Tristan Bergby Carlsen. Han er ikkje vanskeleg å be, og sender ballen i høgre keeperhjørne.

Nok ein gong er det dårlig kommunikasjon i Tambarforsvaret på slutten av omgangen. Dette utnytter Førde 3 og kan nok ein gong gå opp i leiinga. Og då «Raggen» bles til pause, er det gjestane frå Førde som leder 2-1.

Kampens flottaste angrep og mål får vi i andre omgang. Angrepet startar med ein presis pasning frå Michael til Jesper Tomassen på høgrekanten. Han kjem seg til dødlinja og får slått ein hard og presis pasning inn til Tambar sin toppscorer, Iben Munkvold, som i kamp med ein Førdeforsvarer er først på ballen, og set den kontant i mål.

Andre omgangen er prega av mange store målsjanser, både til Tambar og bortelaget. Utrulig nok vart det berre med den eine scoringa til Tambar, der både Iben og Michael kunne ha putta fleire mål. Michael var forøvrig ein av dei beste ute på kunstgraset i kveld, der han bydde Førdespelarane opp til dans, men der dei ikkje heilt klarte å halde same takten som Tambarguten.

I Tambarmålet stod Thomas Dobbe Personbråten godt i kveld, og hadde mange gode og avgjerande redninger. Utan keeper-Thomas i kveld, ville nok Tambar gått av bana utan poeng.

Nokre bilder frå kampen: