Tambar gjekk på eit nytt knepent tap, då laget møtte Fure på bortebane tysdag kveld. Sjølv om det vart poenglaust nok ein gong, kan trenarane glede seg over mykje positivt i det nykomponerte Tambarlaget.

6.divisjon avd 2
Fure-Tambar 2-1 (1-1)

1-0 Fure
1-1 Fredrik Herstad
2-1 Fure

Tambar:

Markus Hjelle Cirotzki
Ali Khaled Almohamad
Espen Eithun Langedal
Anders Aase
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Nikolai Birkeland Stølsvik
Geir Andre Troland
Gunnstein Vefring
Joakim Høyseth Engebø
Martin Skilbrei
Jarle Haagensen Nøstdal
Sander Kibsgaard Nordheim
Fredrik Herstad
Andreas Kjørsvik Vatne
Muetez Jemal Tahir Ahmed

I ein jamnspelt kamp, var det heimelaget Fure som sette inn kveldens første mål, då dei gjekk opp i leiinga tidlig i første omgang.
Men Tambar kvitterte ikkje lenge etter, då ein av kveldens debutant på Tambar sitt a-lag Fredrik Herstad, sette inn årets første mål for laget, og utligna til 1-1.

I andre omgang pressa Tambar på, og kom til fleire store sjanser. Men til tross for god jobb av «det nye» Tambarlaget, vart det heimelaget som sette det avgjerande målet i denne omgangen.

Tambar stilte med to debutanter og hospitanter frå gutelaget til kveldens kamp. Fredrik fekk ein flott debut, då han sette inn reduseringa for Tambar i første omgang.
Martin Kibsgaard Hjørnevik spelte andre omgang i Fure, og har både fysikk og fotballhovud for spel på seniornivå.

Neste kamp for Tambar er heime mot Tempo tysdag 14.mai.