Nok ein gong vart det berre nesten for a-laget til Tambar, då dei møtte Gaular/Dale 2 på bortebane tysdag kveld. Dermed må laget vente endå ein runde før dei eventuellt kan hale i land sine første poeng denne sesongen.
6.divisjon avd 2
Gaular/Dale 2-Tambar 4-3 (2-2)
1-0 Gaular/Dale 2
1-1 Tore Klopstad
2-1 Gaular/Dale 2
2-2 Anders Aase
3-2 Gaular/Dale 2
4-2 Gaular/Dale 2
4-3 Sander Nordheim Kibsgaard
Dommer: Ragnar Åmot.
Tambar:
Marius Haugen Herstad
Markus Hjelle Cirotzki
Ali Khaled Almohamad
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Anders Aase
Torstein Vonen
Vegard Gillestad
Geir Andre Troland
Martin Skilbrei
Tore Klopstad
Sander Kibsgaard Nordheim
Muetez Jemal Tahir Ahmed
Espen Eithun Langedal
Det var ein jamnspelt 1.omgang på Sande stadion i sommmarvarmen denne tysdag kvelden. Så heitt var det, at kveldens sjefsdommer, Ragnar «Raggen» Åmot, bestemte at laga måtte ha ein drikkepause halvvegs i denne omgangen.
Sjølv om det er heimelaget som går opp i leiinga to gonger i fyrste omgang, er det Tambar som skaper mest og dei største sjansane. Dessverre er ikkje effektiviteten heilt på plass for Tambarangriparane, og som mot Tempo i sist runde, vart det mange brente målsjanser.
Men, alikevel, kom laget tilbake etter å ha lege under både 0-1 og 1-2, etter flott scoringar av Tore Klopstad og Anders Aase.
I andre omgang frykta vi gjentaking av siste kampen på Naustdal stadion, då vi opplevde ein lettare kollaps av Tambar. Og frykta vart ikkje noko mindre då heimelaget scora to mål midtvegs i omgangen.
Men Tambarkarane hadde utrulig nok meir på laget denne sommarkvelden, og prøvde seg på ein liten sluttspurt. Og når Sander Kibsgaard Nordheim reduserte til 3-4 med ti minutter att på stadionuret, vart pulsen nokre hakk høgare på trener Langedal på innbytterbenken.
Spelet på bana foregjekk stort sett på heimelaget sin banehalvdel i sluttminutta, og Tambar pressa på for ei utligning. Dessverre kom nok sluttspurten litt for seint, og Gaular/Dale 2 kan juble for ein 4-3 seier når «Raggen» bles sluttsignalet.
Tambar hadde fortent minst eit poeng i denne kampen, og det hadde heller ikkje vore noko å sei på om dei hadde reist frå Sande stadion med alle tre. Heimelaget scorer fire «lette og unødvendige» mål, der Tambar er litt for gåvmilde og for lite tøffe i presset.
Positivt er det å sjå at Tambar kjem til mange, og dels store målsjanser i denne kampen også. Laget jobber godt for kvarandre ute på matta, og i perioder spelar dei fin-fin fotball.
Dessverre var det ein noko tynn tropp dei reiste til Sande med denne tysdagskvelden. Med berre to på benken, der den eine var keeper, gjorde det kanskje litt ekstra tungt for slitne føtter i kveld.
Skal vi trekke fram enkeltspelarar i dag, er det vanskeleg å kome utanom Anders Aase. Han er ein bauta i forsvar/midtbane som vinn alle krigane i lufta og på bakken. I tillegg har han ein glimrande pasningsfot, der han gang på gang viste den fram i dag, med lissepasninger fram til Tore på topp.
I tillegg herja Sander ute på høgrekanten og snurra rundt med heimelaget sine forsvarar gong på gong. Og gong på gong kom han til dødlinja og la glimrende legg, der det eine legget vart sett i mål av Anders.
Martin Hjørnevik Kibsgaard er fyrsteårs gutespelar i Tambar, som har teke steget opp på seniorfotballen på ein framifrå måte. Utan respekt for motspelarane, enten dei er 17 eller 30 år, spelar han med tryggheit og ro det er ein fryd å sjå på. Og med sin gode fysikk var det ikkje mange som runda denne karen i kveld.
Neste kamp for Tambar er fyrstkomande fredag kl.19:00. Då kjem Hyllestad på besøk på Naustdal stadion.