Tambar laga målfest då Høyang 2 gjesta Naustdal stadion tysdag kveld. Heile tretten mål vart scora i kampen, der manga av måla var perler av ypperste klasse!

6.divisjon avdeling 2

Tambar-Høyang 2 10-3 (7-0)
1-0 Sander Kibsgaard Nordheim (8`)
2-0 Martin Skilbrei  (23`)
3-0 Tore Klopstad   (26`)
4-0 Tore Klopstad   (34`)
5-0 Vidar Standal  (37`)
6-0 Sander Kibsgaard Nordheim   (39`)
7-0 Jarle Haagensen Nøstdal  (41`)
8-0 Tore Klopstad   (54`)
8-1 Steinar Hjetland Eskeland  (56`)
8-2 Steinar Hjetland Eskeland  (58`)
8-3 Steinar Hjetland Eskeland  (64`)
9-3 Martin Hjørnevik Kibsgaard (75`)
10-3 Sander Kibsgaard Nordheim   (78`)

Dommer: Egil Arne Vårdal, AHIL

Tambar:
Marius Haugen Herstad
Joakim Høyseth Engebø
Jon Engebret Langeland Thomsen
Gunnstein Vefring
Samson Steindal Vonen
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Martin Skilbrei
Henrik Engebø Hundershagen
Tore Klopstad
Kristoffer Hammarset
Sander Kibsgaard Nordheim
Vidar Standal
Geir Andre Troland
Jarle Haagensen Nøstdal
Ole-Johan Steindal Vonen
Muetez Jemal Tahir Ahmed

Tambar gjorde kort prosess på gjestane frå Høyanger i første omgang, der laget bøtta inn mål og stoppa ikkje før sju baller var plukka ut frå nota til bortelaget, då dommar Egil Arne Vårdal blåste til pause.
I tillegg til dei sju måla, bomma Tambar på straffe og Martin Skilbrei fekk eit mål feilaktig annulert for offside.

Knappe ni minutter var spelt av andre omgang, då Tore Klopstad sette inn Tambar sitt åttande mål for kvelden. Vi forventa difor at Tambar skulle fortsette som i første, der dei rulla opp det eine angrepet etter det andre, og målkåte Tambarspelarar dansa inn mål etter mål i den varme sommarsola.

Men eit utlikning til Høyang berre to minutter seinare, etter eit glimrande frisparkmål, fekk gjestane ein aldri så liten vitamininnsprøytning.
Og i løpet av ein sekminuttersperiode fekk vi to nye frisparkmål frå same karen frå Høyanger, som tydeleg hadde finpussa høgrefoten for kvelden.

Men det vart med desse skremmeskudda frå bortelaget, og Tambar kunne kontrollere inn kampen med to nye scoringar i det 75. og 78. minutt.

Ein artig kamp på Naustdal stadion denne tysdag kvelden, der både Tore Klopstad og Sander Kibsgaard Nordheim laga kvar sitt hattrick. Martin Skilbrei kunne også ha gått av bana med hattrick-tittelen. Han scora eit flott mål og fekk eit mål feilaktig annulert for offside, i tillegg bomma han på straffe. Sikker som banken på straffe, var derimot Jarle Haagensen Nøstdal, som sett ballen tett oppunder krysset då han fastsette pauseresultatet til 7-0. Gutespelarane Martin Hjørnevik Kibsgaard og Vidar Standal scorer kvar sine flotte mål, og spelar elles ein god kamp.

Siste kamp før fotballferien er tysdag 18.juni. Då reiser Tambar gjennom tunellen og møter Eikefjord.