Etter at Tambar hadde tapt 3-6 mot Førde 3 i forrige serierunde og Fure hadde banka Førde 3 heile 11-1 sist veke, trudde vi at Tambarlaget skulle få det heitt rundt øyrene i kveldens kamp mot Fure på Naustdal stadion.

Men slik vart det ikkje, foe det var Tambar som tok tak i kampen frå start av, og laget viste mykje bra spel og var det klart beste laget, særlig i første omgang. Laget spelar seg til mange halvsjanser, men desverre får dei ikkje ballen bak Furekeeperen.
Surt er det når bortelaget går opp i leiinga sekunder før dommaren bles til pause, på sin andre målsjanse i denne omgangen.

Også i andre omgang er Tambar hakket kvassare enn gjestane frå Fure, men halvsjansane gir lite uttelling i målprotokollen. Fure derimot, set sitt andre mål for kvelden midtvegs i omgangen, på straffe.

Sjølv om Tambar tapar med to mål, var ekspertane på sidelinja einige om at det Tambar viste i kveld, var mykje god og flott fotball, og at laget spelte den beste fotballen ute på grasmatta.

 

6.divisjon avd 2
Tambar-Fure 0-2 (0-1)

Dommer: Jegatheesan Jeikishan (Florø SK)

0-1 kom sekunder før pause, då Tambar ikkje kontante nok i avklaringane inne i boksen. Ballen hamna til slutt hjå ein Furespelar som dunkar ballen forbi mølja og i nettet.

0-2 kjem også etter problemer med avklaringar i eigen boks, der ein Furespelar til slutt blir felt, og dommer peiker på straffemerket.

 

Tambar sin tropp:
Marius Haugen Herstad
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Henrik Aase
Joakim Høyseth Engebø
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Martin Skilbrei
Henrik Engebø Hundershagen
Kristoffer Hammarset
Sander Kibsgaard Nordheim
Aleksander Fauske Helgås
Thomas Mathias Solheim
Vegard Gillestad
Gunnstein Vefring
Nikolai Birkeland Stølsvik
Ole-Johan Steindal Vonen
Muetez Jemal Tahir Ahmed
Vidar Standal