Iben Munkvold var tilbake i Tambardrakt, til dagens bortekamp mot Hyllestad, etter at han vart klar for moderklubben att, etter ein liten gjesteopptreden i Anga i vår.
Og Iben viser forsatt målteft, slik vi har sett mange gonger tidligare i kampar i den gule drakta. Med to mål mot eit sterkt Hyllestadlag, viser at han kan bli viktig for Tambar sitt a-lag framover.

Tambar tok leiinga etter berre to minutter spel i Hyllestad i kveld, då Muetez Jemal Tahir Ahmed var frampå og sette ballen i mål. Berre fem minuttar seinare utligna heimelaget til 1-1 på straffe.
18 minuttar var spelt, då Iben endeleg skulle score for Tambar att, og laget var i føringa att.  Og lyst såg det ut, då Aleksander Fauske Helgås auka Tambar si leiing til 3-1 like før pause.

Det såg spøkje ut for Tambar i andre omgang, då Hyllestad scora tre mål i løpet av ein ti minutters periode. Dermed hadde heimelaget snudd kampen og det såg ut til at alle tre poenga skulle bli att i Ytre Sogn.
Men i kampens siste speleminutt får Tambar straffe. Tidligare i sesongen har Tambar hatt dårlig uttelling på sine straffer, der det har vore fleire bom enn treff.
Med Iben som straffetakar denne gongen, var det ingen tvil. Ballen havna i nettet bak Hyllestadkeeperen, og Tambar kunne ta med seg eit velfortent poeng hein til Naustdalsbygda.

6.divisjon avd 2
Hyllestad-Tambar 4-4 (1-3)
0-1 Muetez Jemal Tahir Ahmed
1-1 Hyllestad (str)
1-2 Iben Munkvold
1-3 Aleksander Fauske Helgås
2-3 Hyllestad
3-3 Hyllestad
4-3 Hyllestad
4-4 Iben Munkvold (str)

Tambar:
Marius Haugen Herstad
Andreas Kjørsvik Vatne
Geir Andre Troland
Joakim Høyseth Engebø
Ole-Johan Steindal Vonen
Henrik Engebø Hundershagen
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Vidar Standal
Sander Kibsgaard Nordheim
Iben Andre Munkvold
Aleksander Fauske Helgås
Even Espeland
Jørgen Angvik Helgheim
Matias Vonen
Muetez Jemal Tahir Ahmed
Espen Eithun Langedal