Bilde: Elise (t.v) sett inn 1-0, Julie holdt nullen, medan Victoria sette spikaren i kista med sin 2-0 scoring.

Det vart nok ein jamn og spennande kamp då Tambar og Eid møttes til 1.divisjonskamp på Naustdal stadion tysdag kveld. To gode lag skapte mange store målsjanser, der jentene til Tambar var mest effektive og sette inn dei to måla i kampen.

J15/17 11er 1.divisjon

Tambar-Eid 2-0 (1-0)
1-0 Elise Dobbe Personbråten
2-0 Victoria Folkestad

God dommer: Svein Arne Nordheim

Tambar:
Julie Seljeseth Øverland
Cerina Hjelle Cirotzki
Karoline Hoff Grimset
Kamilla Falkenstein Grønfur
Trine Standal
Una Claussen Thingnes
Agathe Abrahamsen Slettehaug
Silvia Røyseth Bruflot
Lea Marie Birkeland Hamre (Hospitant smj)
Elise Dobbe Personbråten
Mathea Victoria Nigardsøy
Victoria Folkestad
Henriette Maria Strømsøy Grimset
Anniken Ullaland Ekreskar (Hospitant smj)
Amalie Fimland Dvergsdal
Johanna Vatne Rygg (Hospitant smj)
Thea Hukset (Hospitant smj)
Sunniva Irene Solibakke Fure

 

Tambar starta kampen best denne tysdag kvelden på Naustdal stadion og kom til fleire gode målsjanser. Blant anna serverte både Trine og Lea gode pasninger fram til Elise, men begge forsøka vart stoppa av ein god Eid-keeper.
Ikkje før Elise gjorde alt på eiga hand, vart det utteljing for Tambarlaget. Ho tok ballen med seg på høgre kant, forserte fram til omlag 16-17 meter og sendte avgårde eit glimrande skot som keeper denne gongen måtte sjå i nettet bak seg, og Tambar går opp i 1-0 leiing. Ikkje ufortent på dette tidspunktet.

Sjølv om Tambar var best i staren, og fort kunna ha leda med fleire mål, kom Eid etterkvart til sine muligheiter. Særlig på si venstre side laga bortelaget litt bry for Tambar, men forsvar og keeper fiksa biffen greit i denne omgangen.

Det var tydeleg å sjå at Eid jakta utligning då andre omgang starta. Laget gjekk hardt ut og kom til mange muligheiter utover omgangen. Men eit godt forsvar, med Una i spissen, gjorde ein god jobbe med å stoppe forsøka til Eid. I tillegg hadde Julie i Tambarmålet mange gode og viktige redningar heilt bakerst, som vart heilt avgjerande i kveld.

Victoria fekk gleda av å punktere kampen, då ho sette inn Tambar sitt 2-0 mål. På eigenhånd tok ho med seg ballen på høgrekanten, storma mot mål og sette ballen over og utagbart for keeperen til bortelaget.

Tambar vann dermed kampen mot Eid, og fekk revansje for 1-2 tapet dei hadde mot dei på bortebane tidligare i haust.
Jentene frå Eid er eit godt lag som spelar mykje fin fotball, noko Tambar har slitt litt med i tidligare møter med dei. Men denne gongen såg det ut til å være heiltente Tambarjenter på bana, som jobba og sleit i samtlige 80 minutter. Og som gav resultat.

Alle spelarane fortener ein stor klapp på skuldera etter flott innsats i kveld. Ein ekstra klapp på skuldera til Julie som hadde mange avgjerande redninger i kveld. Det samme til Una i forsvaret, og Elise på topp. I tillegg imponerte hospitanten frå småjentelaget, Lea, med sin arbeidsmoral og uredde involvering.