Bilde: Tambar J13/14 sesongen 2019.

Tambar J13/14 (9er) tapte sin siste seriekamp denne sesongen, og kan med det gå glipp av tittelen som puljevinnar av J13/14 2.divisjon avd. 2.
For det var Førde 3 som starta best då laga møttes til kamp på Naustdal stadion tysdag kveld, og jentene frå Førde leia 2-0 til pause.
I andre omgang scora begge laga ein gong kvar, og sluttresultatet vart med det 3-1 til Førde 3.

Enno veit vi ikkje kven som blir puljevinnar i denne avdelinga, då det berre er Tambar som er ferdigspelt. Dei andre seks laga i pulja spelar sine siste kampar på tysdag, der både Tambar, Hyllestad og Førde 3 har muligheit til å bli puljevinnar.

Uansett korleis det skulle gå på mandag, har småjentelaget til Tambar har ein flott sesong. Laget har berre eit tap, som kom sist tysdag og laget har utvikla seg bra. I tillegg til 2005 spelarane, har det vorte eit flott spelargruppe med 2006 spelarar som har teke steget opp til 9er fotball på ein framifrå måte.

Så får vi vente til tysdag for å sjå om jentene blir vinnar av pulja, blir nummer to eller tre.

Resultater og Tabell J13/14 9er 2.divisjon avd.2