Tambarskjelvar Fotball skulle egentlig arrangere sin trettende Eat Move Sleep cup (tidligere Bendit cup) komande helg. Men etter å ha talt opp antal påmelde lag då fristen gjekk ut, må fotballgruppa desverre avlyse den tradisjonsrike fotballcupen på Naustdal stadion.

Cupen for gutar og jenter i alderen 6-12 år, som fotballgruppa har arrangert sidan 2007, har vore eit fast innslag på stadion kvar haust alle desse åra. Mange av dei lokale klubbane i distriktet har støtta opp om cupen, og teke dette som ein avslutning for sine yngste spelarar. På det jamne har det vore eit snitt på 70-80 påmeldte lag, der rekorden vår var 120 lag eine året.
I år må vi altso berre innsjå at det vart for lite interesse for å delta, og for fyrste gong må vi gå til det skritt å måtte avlyse.

Så kan vi begynne å fundre på kvifor påmeldinga denne gongen vart så skral. Er det tidspunktet denne gongen som vart feil? Er det for mange cuper som vert arrangert rundt om, der mange arrangører/klubbar konkurrerer om dei same spelarane?
Ikkje veit vi, for det er ikkje berre Tambarskjelvar Fotball som har måtte avlyse sin cup i år. Både Førde cup ute, om skulle gått av stabelen i september, og den veletablerte Grodås Cup i juni, måtte gi tapt på grunn av manglande påmeldingar.

Om det vert ny Eat Move Sleep cup på Naustdal stadion i 2020, gjenstår å sjå. Inntil vidare får vi håpe at andre arrangører rundt om i fylket får arrangert sine cupar med mange lag påmeldt.