Dei kan angre dei som ikkje tok turen til Naustdal stadion tysdag kveld, då Tambar tok imot topp tre laget, Florø 3. Vi måtte til tider gni oss litt i augo under kampen, for laget til trenar Espen og Jan Magne Langedal spelte til tider glitrande fotball ute på kunstgrasmatta denne kvelden.

I tillegg fekk vi oppleve mange flotte scoringar frå Tambarlaget. Ikkje berre var måla flotte, men dei kom etter mykje flott spel og gode kombinasjoner ute på matta.

At Tambar sin tidligare toppscorer er tilbake i gul drakt, er nok ein av årsakene til at Tambar ikkje har tapt dei siste fire kampane. Han har scora i alle sine kampar sidan heimkomsten, og i kveld sette han lik så godt inn tre baller bak Florøkeeperen.
Til liks med Iben, har også Aleksander trekt på seg gul drakt att, etter ein liten pause i ein Førdeklubb. I kveld fekk han endeleg vist seg fram med hardt arbeid, assist og ein glimrande goal.

I tillegg til desse to nemnte spelarane, var det mange gode Tambarspelarar å sjå på stadion i kveld. Laget var gode på gjenvinning av ball, og gutane hadde roen til å spele god fotball med gode kombinasjoner på begge sine kanter framover på bana. Dette gjorde at laget kom til ein heil haug av gode målsjanser. Og med litt meir tur og is i magen, kunne dei ha vunne med mange fleire mål enn dei gjorde.

Å ja, det vart ein god revansje frå sist laga møttes i Florø i vår, då vart det heile 9-0 til Florø 3 !!

 

6.divisjon avd.2

Tambar-Florø 3 6-3 (4-2)
0-1 Oscar André Fanøy Nordal
1-1 Iben Munkvold (assist: Aleksander Fauske Helgås)
2-1 Iben Munkvold (assist: Gunnstein Vefring, som med langskot treff tverrligger, retur tek Iben)
3-1 Sander Kibsgaard Nordheim (assist: Aleksander Fauske Helgås)
3-2 Oskar Gjervik
4-2 Aleksander Fauske Helgås (assist: Sander Kibsgaard Nordheim)
5-2 Iben Andre Munkvold (assist: Sander Kibsgaard Nordheim)
6-2 Henrik Engebø Hundershagen
6-3 Florø 3

Dommer: Asbjørn Kjetil Grinde Håre (Fjøra FK)

Tambar:
Marius Haugen Herstad
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Geir Andre Troland
Joakim Høyseth Engebø
Henrik Engebø Hundershagen
Martin Skilbrei
Sander Kibsgaard Nordheim
Aleksander Fauske Helgås
Gunnstein Vefring
Iben Andre Munkvold 


Martin Hjørnevik Kibsgaard
Henrik Aase
Even Espeland
Ole-Johan Steindal Vonen
Jørgen Angvik Helgheim
Kristoffer Hammarset
Muetez Jemal Tahir Ahmed