Sjølv om dei aldersbestemte laga til Tambar har haustferie komande veke, blir det lite ferie på a-laget. Tysdag er det full serierunde i 6.divisjon avdeling 2, der Tambar tek turen til Høyanger og møter Høyang 2 på Sletta kunstgras kl.19:00.

Tambar har hatt ein fin formstigning i haust, og har ikkje tapt på dei fire siste kampane (4-4 mot Hyllestad, 4-1 mot Anga 2, 3-3 mot AHIL og 6-3 mot Florø 3). Vi har forventningar om at laget også bit godt frå seg i Sogn i morgon, og at dei returnerer til Naustdal med nye poeng.
Då laga møttes sist, på Naustdal stadion tysdag 11.juni, vart det målfest og storseier til Tambar. Les refferat frå den kampen.

Serierunden i 6.divisjon avd. 2 i morgon ser slik ut:

  • Høyang 2 – Tambarskjelvar  ›

    08.10.2019 19.00 – Sletta kunstgras

  • Florø 3 – Fure  ›

    08.10.2019 19.00 – Florø kunstgras

  • Askvoll/Holmedal – Tempo  ›

    08.10.2019 19.00 – Skuleidrettsplassen

  • Eikefjord – Førde 3 ›

    08.10.2019 19.00 – Eikefjord krøllgras

  • Anga 2 – Gaular /Dale 2 ›

    08.10.2019 20.00 – Hafstadparken 2

  • TABELL 6.divisjon avd.2