
Fotballkretsen hadde gløymt å gi beskjed til laga i avdelinga til Tambarjentene, J13/14 9er 2.divisjon avd.2, at det skulle være sluttspelkampar etter endt sesong. I den ordinære serien var det jentene frå Hyllestad som vart vinnar av avdelinga, og som har feira fyrsteplassen sin med kaker og sjampis.
Men no vert det eit avsluttande sluttspel med enkel serie mellom laga Tambar, Hyllestad, Førde 2, Førde 3 og Førde 4.
Fyrste kamp for Tambarjentene vert allerede fyrstkomande mandag kl.19:00 på Naustdal stadion mot Førde 2.
Dei tre andre kampane til Tambar vert spelt slik:
Tysdag 22.september kl.19:00 Tambar-Førde 4
Tysdag 29.september kl.19:00 Førde 3-Tambar
Torsdag 31.september kl.19:00 Hyllestad-Tambar