
Fyrstkomande tysdag avslutter både Tambar og Eikefjord årets sesong, og møtes til lokalderby i haustens siste kamp på Naustdal stadion. Kampane mellom desse to laga har som oftast vore svært så spanande opp gjennom åra, og er eit prestisjeoppgjer om det er laget innafor eller utafor tunellen som er det beste laget.
I årets sesong er det nok Eikefjordingane som har vore best, når vi ser på tabellen. Dei oransjekledde har kjempa i toppen gjennom heile sesongen, men måtte gi frå seg tabelltoppen i sist serierunde. Då tapte dei 1-5 mot Førde 3.
For Tambar sin del, vart sesongen litt annaleis. Ved sesongstart var det lite som tyda på at ein klarte å stille med eit seniorlag. Men med god moblisering fekk ein inn ein god blanding av unge og litt eldre spelarar, som har holdt hjula i gang denne sesongen.
Og i haustsesongen har pila berre peikt oppover, og laget har vist storform og godt spel i dei siste kampane. Dei siste fem kampane har laget gått av bana med poeng.
Difor kan det bli ein spennande kamp når Eikefjord kjem på besøk på tysdag. Eit Eikefjordlag som spelar for å vinne avdelinga og eit Tambarlag i god haustform og som sikkert vil prøve å sette kjeppar i hjulet for at dei oransjekledde skal bli avdelingsvinnar. Sjå tabell
Kven trur du vinn kampen, og kva vert resultatet? ? ?
BLI MED OG TIPP HER!