
Naustdalsguten, og tidligare Tambarspelar Jacob Storevik (23), er klar for spel i Tippeligaen neste sesong. Sandefjord, der Jacob har vore fast keeper omtrent heile 2019-sesongen, enda på 2.plass i OBOS ligaen og rykker ilag med Aalesund direkte opp til neste års Tippeliga.
Den tidligare Tambarspelaren var ein svært habil keeper då han aksla den gule Tambardrakta, og det var ikkje så overraskande for mange at fleire klubber enn Tambar etter kvart ville ha han i stallen sin.
Som 15 åring meldte han overgang til Florø, der han blant anna var med å bidra til at Florø G16 spelte seg fram til semifinalen i G16-NM. Her vart det 0-2 tap for Rosenborg.
Rosenborg vart så imponert av Jacob etter denne kampen, at dei skreiv kontrakt med han i januar 2012, der han etter kvart vart tredjekeeper bak Daniel Ørlund og Alexander Lund Hansen. Jacob var i Rosenborg i perioden 2012-2015.
I tillegg til klubbane Florø og Rosenborg, var også den tidligare Tambarspelaren innom Levanger ein kort periode. Derifrå gjekk turen tilbake til Florø, og i 2018 gjekk Jacob til Sandefjord.
Årets sesong har vore ein skikkeleg opptur for Jacob og lagkameratane hans. Jacob har hatt ein fantastisk sesong mellom stengene for dei blåkledde, og har bidrege sterkt for at Sandefjord vert å finne i Tippeligaen i 2020.
Vi gratulerer Jacob med opprykk, og gleder oss til å fylje han i øverste divisjon til neste år.