Bilde: Tambar J13/14 sesongen 2019.

Tambar J13/14 sitt 9er lag vart avdelingsvinner i klasse J13/14 9er 2.div avd. 2,  etter eit spennande sluttspel i haust. Hovudsaklig vart det eit oppgjer mellom Tambarjentene og Hyllestad, der jentene frå Naustdal vann med minst mulig margin.

Sluttspelet kom overraskande på både Tambar og Hyllestad, i tillegg til dei tre Førdelaga. Fotballkretsen hadde nemlig gløymt å informere klubbane om at det skulle være sluttspel etter endt seriespel i haust.
Etter endt seriespel, var det Hyllestad som toppa tabellen, poenget framfor Tambar. Difor vart det kanskje ein liten nedtur for Hyllestad som fekk beskjeden om at det skulle spelast sluttspel, etter at dei hadde feira avdelingstittelen med sjampis og kaker.

I sluttspelet var det Tambar som viste seg som det beste laget av dei fem sluttspellaga, og vann blant anna bortekampen mot Hyllestad 1-0. Og til sjuande og sist vart det målskilnaden det heile skulle bli avgjort på, der Tambar hadde kun 2 fleire plussmål enn Hyllestad.

Resultat sluttspelkampar til Tambar:

Tambar-Førde2 5-1
Tambar-Førde4 8-0
Førde 3-Tambar 5-2
Hyllestad-Tambar 0-1

Tabell J13/14 9er 2.div avd 2