For tredje året på rad, inviterer styret i Tambar Fotball til fotballfest. Festen blir fredag 6.desember kl.18:00, og laga frå og med 10 år og eldre er invitert.

Som vanlig skal det gjerast stas på spelarane til Tambar Fotball, med utdeling av ulike priser. I tillegg skal årets dommer kårast og Fair play-prisen er sjølvsagt ein høgthengande pris. Og kven får fotballgruppa sin hederspris i år?

Også i år vil vi kose oss med god mat og drikke, og kanskje får vi nokre kulturinnslag også, kven veit. Det som er sikkert, er at det vert mange fine premier i lotteriet.

Også i år blir festen berre for spelarar, trenarar og oppmenn for dei inviterte laga. Dette på grunn av plassmangel.