Bilde: Svein Arne Nordheim fekk fotballgruppa sin hederspris for 2019.

I 2017 vart den aller fyrste fotballfesten til fotballgruppa til Tambarskjelvar arrangert, der spelarar frå 10 år til og med seniorspelarar vart invitert til sosialt samvær, mat, underhaldning og utdeling av ulike prisar. Med nesten samtlige spelarar på plass denne kvelden, vart det ein flott kveld, og ein bestemte der og då at dette ville vil prøve å lage til ein tradisjon på.

Sist fredag gjekk årets fotballfest av stabelen, altso den tredje i rekka. Også denne kvelden var det «stinn brakke», noko som tyder på at dette er eit viktig arrangement og møteplass for spelarar, trenarar, lagleiarar og andre som er involvert i fotballen i bygda. Difor kan ein vel være ganske sikker på at ein ny fotballfest vert plotta inn i kalenderen også for 2020.

Mange prisar blir delt ut på ein slik fest, der fotballen skal mimre og sjå tilbake på årets sesong, der ein med god grunn kan klappe seg sjølv og andre på skuldera for den flotte innsatsen ein har gjort.

Ein ekstra klapp på skuldera denne kvelden, fekk Svein Arne Nordheim, då han mottok Årets hederspris. Han fekk prisen for den jobben har har gjort i fotballgruppa gjennom mange år, der han har hatt ulike roller innan fotballen.
I tillegg å være trener for, har han vore ein av dei mest erfarne dommaren i klubben, og har kvar sesong dømt mange kamper på stadion.
Han har sete i styret for fotballgruppa i ein periode, der han blant anna hadde ansvar for klubbdommarane i Tambar Fotball. I mange år har han også vore ein ressurs på arrangementa fotballgruppa har arrangert, blant anna Eat Move Sleep cup og den tradisjonelle Tambar cup inne i hallen.
Juryen nemner også at Svein Arne er eit ja-mennskje og er alltid villig til å ta i eit tak når det trengst, enten det er å stille som vikartrener for eit lag som treng hjelp, dugnad som skal gjerast eller det er ein kamp som mangler dommer.
Har du ikkje sett han på bana når du har vore der, må han ha vore sjuk eller på jobb. For han er ofte å sjå ute på kunstgraset, på tribuna eller i køen til kiosken.

Etter mange år i «tjeneste» for fotballgruppa, har han no sagt at han vil takke av. Vi som kjenner Svein Arne og hans lidenskap for fotball, og særlig den lokale fotballen, er noko tvilane til om han klarer å halde seg heilt borte frå det han antagelig likar mest her i verden.
Men uansett gratulerer vi med ein fortent pris!