
Vi kan i kveld sleppe nyheiten om kven som blir det nye trenerteamet for Tambar sitt 6.divisjonslag neste sesong. På eit avklaringsmøte i kveld vart styret i Tambar Fotball einige med Håkon Svoen og Jan Magne Langedal, som har sagt ja til å ta på seg trenarjobben for a-laget. Tidligare har det vore klart at Bjørn-Ole Hjørnevik vert oppmann for laget.
Alle tre i det nye trenerteamet er kjente fjes i fotballmiljøet i Naustdal, og alle har lang fartstid med fotball i klubben. Jan Magne Langedal har vore trener for a-laget denne sesongen, ilag med Espen Eithun Langedal, der dei to fekk på plass eit lag til seriestart og gjennomførte årets sesong med heile 39 spelarar som var innom laget.
Langedal var trener for a-laget også i perioden 2012-2015. I 2013 vart laget vinnar av 5.divisjon, og spelte i 4.divisjon sesongane 2014-2015.
Håkon Svoen har vore trener for aldersbestemte lag på gutesida i fleire år, men har hatt ein pause frå trenergjerninga dei siste åra.
Bjørn-Ole Hjørnevik har vore lagleiar for smågut og gutelag, og har denne sesongen vore lagleiar både for gutelaget og a-laget.
Det nye trenerteamet seier dei ynskjer å sette saman ei treningsvillig spelargruppe, der dei vil ha mykje fokus på spelarutvikling av ein miks av unge spelarar og dei meir etablerte karane.
Trenarteamet ynskjer ikkje gå ut med meir detaljer i kveld, men vil ha eit møte med spelarane den fyrste veka i januar. Trenarane tek sikte på å starte opp med treningane kort tid etter dette spelarmøtet.
For dei som sakner årets trener, Espen Eithun Langedal, i neste sesongs trenerteam, kan vi opplyse om at han ikkje har fått sparken. Han har etter eige ynskje bedt om ein pause frå trenerjobben komande sesong.