Årets første treningskamp går på Naustdal stadion på søndag, når a-laget møter Dale til kamp. Ikkje ofte har det vore arrangert treningskampar på stadion så tidleg på nyåret, men no er det faktisk glimrande forhold på kunstgraset, slike det stort sett har vore på denne sida av nyåret.

Trener Svoen og Langedal har hatt mange gode treningar etter oppstarten på nyåret, og med mange spelarar som har vore med på øktene så langt. Trenarane har difor hatt litt å velje i når laget skal ut i treningskamp mot Dale på søndag, og Tambar stiller med 20 mann til denne kampen.

Fleire av spelarane frå Tambar som i fjor meldte overgang til Anga og spela der sist sesong, har i løpet av hausten og no i vinter meldt overgang til Tambar att.
Blandt desse er keeper Thomas Dobbe Personbråten. Sist sesong stod han i mål på Anga i 5.divisjon, og haustsesongen var han i tillegg fast keeper på Anga 2 i 6.divisjon.
Dermed vert det to keeperer i Tambarstallen i år, då også Tambarkeeper sist sesong, Marius Herstad, blir med også denne sesongen. Begge er med i troppen mot Dale på søndag.

Fleire av spelarane til Tambar slit fortsatt med skade, og har difor ikkje kome igang med trening med ball. Ein av desse er Martin Skilbrei. Han hadde ein god sesong i fjor, og dominerte på midtbana til Tambar i mange av kampane deira. Han blir difor ikkje å sjå når laget spelar mot Dale på søndag, men håper han er tilbake for fullt på treningane snart.

Treningskampen Tambar-Dale på Naustdal stadion starter kl.13:00.