Tambar Fotball stiller med seks lag i årets kvalifisering i KM futsal innandørs. Kvalifiseringskampane går av stabelen lørdag 1. og søndag 2.februar, medan KM sluttspelet vert spelt i Trivselshagen på Sandane første helga i mars.
Tambar G13, Tambar G14, Tambar G15 og Tambar J14 speler sine kvalikkampar i Førdehuset, medan Tambar J15 må ta turen til Styrkhallen i Innvik for å spele sine kampar.
Antal lag i J19 er så få, at dei påmeldte laga slepp å spele kvalifiseringskampar, og dermed går Tambar J19 direkte til sluttspelet på Sandane.
Puljeinndeling og kampoppsett er no klart. Vi gjer oppmerksom på at det kan bli endringar, og eit oppdatert oppsett finn ein på fotballkretsen si heimeside: OPPSETT PÅ KRETSEN SI HEIMESIDE