Treningskamp Naustdal stadion
Tambar-Dale 3-8
Mål Tambar: Iben Munkvold (2) og Jesper Tomassen

Tambar fekk seg ei bra treningsøkt og fin kamptrening då laget spelte treningskamp mot Dale på Naustdal stadion på søndag. Begge laga stilte med mange spelarar til denne fyrste treningskampen for året, og det vart naturlig nok mykje utskiftingar i løpet av dei 3 x 30 minnutta kampen vara.

Sjølv om trenarane Svoen og Langedal no er midt i oppkøyringa til årets sesong med laget sitt, viste laget mange gode tendenser ute på eit vårlig kunstgras i dag. Samstundes bekrefter dei også at det er ein del ting å ta tak i framover mot sesongstart.

I dagens kamp mot Dale, som skal ut i ein ny sesong i 4.divisjon, var gjestane eit hakk kvassare enn heimelaget. Men i perioder stod Tambar godt opp mot dei blåkledde, og mange av måla i mot, kom ved slurv og personlige feil.

Som nemnt spela laga kampen med tre omganger, der Dale til slutt kunne gå av bana med ein 8-3 seier. Tambar sine mål vart scora av Iben Munkvold (2) og Jesper Tomassen.
God dommer var Sven Carlsen.


Bilde over: Jesper vinn duellen med keeper og nikker ballen i mål.


Bilde over: Iben lurer keeper og scorer sitt andre mål for dagen.

 
Bilde over: Trenarane hadde mange spelarar å velje i til dagens kamp.