Det vart drama då Tambar G15 sikra seg vidare avansement til KM sluttspelet innandørs i Førdehuset på laurdag, då laget måtte ut i straffesparkkonkurranse mot Gaular.
Laget, med trenarane Roger Edvardsen og Geir Personbråten på sidelinja, enda på tredjeplass i si pulje etter dei innleiande kampane. Dermed sikra laget seg vidare spel i sluttspelet, og møtte Gaular til kamp i kvartfinalen. Her hadde begge laga «kniven på strupen», då berre laga som kom seg vidare til semifinalen, gjekk til KM sluttspelet på Sandane. KM sluttspelet går av stabelen første helga i mars i Trivselshagen.
Det vart ein jamn kamp mellom Tambar og Gaular, der ingen av laga klarte å få ballen i mål i løpet av den 14 minutter lange kampen. I ekstraomgangane på 2×5 minutter vart det heller ikkje mål, og dermed måtte spelarar og trenarar gjere seg klar for straffekonk for å avgjere kampen.
Med nervøse spelarar og trenarar, og neglebitande supportere på tribuna, vart det ein skikkeleg thriller. Tambarspelarane viste seg som dei mest kalde og med mest is i magen, og kunne til slutt juble etter 3-2 på straffesparkkonkurransen. Vi jubler ilag med Tambar G15, men skjønar at det var ekstra surt for Gaular å gå av bana etter denne kampen.
I semifinalen mot Svelgen/Bremanger var det trøytte Tambarføter ute på bana, og gutane frå ytre vann kampen 5-0. Tambargutane kom dermed tilbake i bronsefinalen mot AHIL, der Thomas Nordheim Kibsgaard scora begge måla til Tambar og sikra ein 2-0 seier.
Tambar G15 sine innleiande kampar:
Førde 3-Tambar 0-3
Tambar-Svelgen/Bremanger 1-1
AHIL-Tambar 2-1
Tambar-Førde 1 0-1
Jølster-Tambar 1-2
Sluttspel:
1/4 finale: Gaular-Tambar 2-3 str (0-0 eeo)
1/2 finale: Svelgen/Bremanger-Tambar 5-0
Bronsefinale: AHIL-Tambar 0-2
Elles har det vore flott innsats av dei andre laga frå Tambar Fotball som har vore i aksjon under KM kvaliken i helga. Desverre var det ingen av desse laga som klarte å kome seg vidare til KM sluttspelet på Sandane. Slik vart resultata frå dei andre Tambarlaga:
Tambar J14
Tambar-Lavik 0-3
Tambar-Stryn 0-3
Tambar-Førde 3 1-3
Tambar-Sandane 0-0
Tambar-Førde 1 0-11
Tambar G13
Tambar-Førde 3 1-2
Tambar-Dale 2-3
Tambar-Viksdalen 3-4
Tambar-Førde 1 0-5
Tambar G14
Tambar-Svelgen 1-2
Tambar-Førde 1 1-4
Tambar-Førde 3 3-1
Tambar J15
Tambar-Heia 1-1
Tambar-Jølster 0-2
Tambar-Stryn 1-3
Tambar-Måløy 1-1
Tambar J19 er direkte kvalifisert til KM sluttspelet på Sandane, på grunn av få påmeldte lag.
Alle kampane i KM kvaliken i Førdehuset.
Alle kampane i KM kvaliken i Styrkhallen.