Etter ein spesiell og trasig tid for mange i denne koronatida, har laga til Tambar Fotball vore i trening etter at helsemyndigheitene gav grønt lys for det. Heile vårsesongen vart borte vekk på grunn av epidemien og vi håper at haustsesongen kan fullførast som planlagt.

Både trenere og spelarar er no svært gira på å kome igang att med kampar, og mandag 17.august vil forhåpentligvis årets første kamp bli sparka igang på Naustdal stadion.

Pr. i dag har dei aldersbestemte laga fått klarsignal frå dei styrande om at dei kan sette i gang att med seriespel og kampar (frå 1.august). Litt meir usikkert er det for a-laget i 6.divisjon. Dei må vente til 10.august før dei dei får svar og eventuellt klarsignal om at dei også kan starte opp.

Utifrå terminlistene til fotballkretsen skal fyljande kampar gå på Naustdal stadion den fyrste veka frå 17.august:

Mandag 17.aug
G10 Tambar-Dale 2
J15/17 Tambar-Eid

Onsdag 19.aug
J10 Tambar-Dale 1

Torsdag 20.aug
G12 Tambar-Atløy

 

Alle kampane på Naustdal stadion framover finn du i «STADIONKALENDER» i menyen.

Bilde: Frå a-laget si trening på stadion mandag kveld.