koronavettreglerSmittevern

1-metersregelen gjeld framleis sjølv om dei aldersbestemte laga har lov til å trene med kontakt. Ein skal så langt som det er mogleg halde ein meters avstand til kvarandre så lenge det ikkje er «kamp om ballen i spelsekvensar».

Elles gjeld dei tre viktigaste smittevernprinsippa enno:

  • Sjuke personar skal halde seg heime
  • God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald
  • Halde minst ein meters avstand og redusere kontakt mellom personar

Fotballens Koronavettkurs 

Alle spelarar frå 13 år og oppover skal gjennomføre eit digitalt kurs før dei spelar kamp.
Tips: Jentelaget gjennomførte dette kurset i plenum i speakerbua i samband med trening.

Trening

sjekkliste trening

6, 7, 8 og 9-åringane trenar måndagar frå kl 17:00-18:00 sidan dette inngår i idrettshjulet til barneidretten.

6-19 år har lov å drive spelrelatert på trening.

1-metersregelen skal oppretthaldast for dei over 19 år.

Treningstider er tildelt og finnast nedst på nettsida: https://tambarfotball.wordpress.com/stadion-kalender/

Manglar de utstyr? Ta kontakt med materialforvaltar Ann-Kristin:
48 00 51 00 / ann.kristin.nigardsoy@enivest.net

Kamp

sjekkliste kamp

Felles for heime- og bortekampar er at ein skal føreta fair play-helsing før kampane utan handtrykk. Ein stiller opp som «vanleg» og helser på motstandarlag med ein meters avstand og helsar på dommar og motstandarlag utan å vere i kontakt med kvarandre.

Det er tillete med garderobebruk, men det føreset forsterka reinhald som inneber vask av alle kontaktflater: dørhandtak, kraner, lysbrytarar og benkar.

Tilskodarar:

Alle tilskodarar på kampar i haust må registrerer seg hjå KAMPVERT som fører lister. Dette gjeld også for bortekampar.

Heimekampar:

Kampvert har ei viktig rolle med å føre liste over spelarar, trenarar/støtteapparat og tilskodarar til kamp på Naustdal stadion. Desse listenen skal arkiverast i ti dagar dersom det skulle bli naudsynt med smittesporing i etterkant.

Kiosk kan vere open under kamp. 1-metersregelen gjeld for dei som står i kiosk. Matvarer må dekkjast til. Det vil seie at til dømes frukt, sveler/vafler må dekkjast til.

Bortekampar:

Til bortekampar gjeld 1-metersregelen under transport til bortekamp. Instruksar seier at det er lov med fire personar i ein vanleg femseters personbil: to personar framme og to personar bak (ingen i det midste setet).

Kongleriket Miniputt

Det vert avvikla Kongleriket Miniputt-turnering hausten 2020.

Sundag 30.08 går arrangementet i Florø*.

Sundag 20.09 går arrangementet i Førde*.

* Det kan vere at arrangementet blir fordelt over to dagar: laurdag 29. og sundag 30. august i Florø samt laurdag 19.09 og sundag 20.09 i Førde.

For spørsmål ta kontakt med barnefotballansvarleg Gunn Kristin Steindal:
48 27 53 54 / gksteindal@gmail.com

Dommarar

sjekkliste dommer

Vi nyttar eigne klubbdommarar på heimekampar i aldersfastlagde klassar på Naustdal stadion. Frank Cirotzki administerer dommarar til våre kampar. Oversikt over klubbdommarar med telefonnummer finn de her: https://tambarfotball.wordpress.com/klubbdommere/

Det kan vere ein fordel at kontaktperson for kvart einskild lag får stadefesting på att oppsett dommar er klar for dømming til terminfesta kampar. Oversikt over dommar blir ført inn i stadionkalender: https://tambarfotball.wordpress.com/stadion-kalender/ For å finne dommar trykker det på den lilla skrifta i kalenderen. Der står namn på dommar samt telefonnummer.

Trykk her for å lese meir om informasjon frå NFF:

Fotball under Koronapandemien til klubber 6.august