Tambar Fotball sitt Jenter 15/17 spelte sin aller fyrste kamp for året, då dei møtte samarbeidslaget Dale/Florø på Naustdal stadion.
Litt annaleis forberedelser til kamp fekk ein litt erfaringar med, då ein må fylje smitteverntiltaka til helsemyngigheitene. Men dette gjekk greit både for spelarar og publikum, og vart ein prøve for korleis det vert når sesongen startar på stadion mandag 17.august.

Kampen mellom Tambar og Dale/Florø søndag ettermiddag, vart spelt med 3 omganger x 25 minutter. Tambar hadde ikkje fulltallig stall med på kampen, der gjestane stakk av med ein 3-0 seier.
Uansett var det nok ein fin oppkøyring for begge lag fram mot haustsesongen.

Tambar skal ut i ny treningskamp på torsdag, då dei møter Tambar sitt småjentelag. Mandag 17.august vert haustsesongen sparka i gang, og Tambar tek då i mot Eid på Naustdal stadion.

Svein Arne Nordheim fekk også teke fram att dommarfløyta, og dømde som vanlig godt.


Bilde: Desse jentene spelte for Tambar J15/17 i dagens kamp. Foto: Ann Kristin Nigardsøy.