Naustdal stadion
J15/17

Tambar-Eid 1-4 (1-4)

Mål Tambar: Oda

Dommer: Svein Arne Nordheim.

 

Tambar møtte mandag kveld jentelaget frå Eid til årets første seriekamp på Naustdal stadion. Sola gjekk akkurat ned då dommer Svein Arne blåste kampen i gang, og dermed vart speleværet ganske så perfekt.

Jentene frå Eid starta i eit forrykande tempo, og Tambarjentene sleit litt å henga med dei kjappe kantane til gjestane i starten av kampen. Og uteljinga kom etterkvart både med ei, to, tre og fire scoringar for Eidarane.
På tampen av omgangen reduserte Tambar til 1-4. Karoline får ballen på venstrekanten og bruker venstreslegga si. Ein Eidforsvarer blokkerer skotet og returen går ut at i feltet. Oda er først på ballen og ho løfter ballen over forsvararane og i nota. Flott mål.

Andre omgang blir ein mykje jamnare kamp, der Tambarjentene er heilt på høgde med Eid. Tambarjentene legg ned eit godt stykkje arbeid i denne omgangen, og er tett opp i Eidjentene, noko som resulterer i svært lite målsjanser for bortelaget. Tambar kjem til nokre halvsjanser i denne omgangen, men ikkje store nok at det vert utteljing.
Dermed enda andre omgang 0-0, der Eid sikra sigeren med ein god 1.omgang.

 

Nokre bilder frå kampen:


Bilde: Oda har nettopp redusert til 1-4 i fyrste omgang.


Bilde: Dommer Svein Arne Nordheim har dømt frispark til Tambar.


Bilde: Pubkikum koser seg i sommarvarmen.


Bilde: Thea i full strekk, men må sjå ballen bak seg i nettet.


Bilde: Victoria og Lea på veg framover.


Bilde: Una rydda godt opp i forsvaret til Tambar.


Bilde: Tale på veg forbi Eidforsvaret, Trine er med framover.


Bilde: Tambar J15/17 sitt lag mot Eid i kveld.