På grunn av koraonatider, måtte oppstart for 1.klassingane i barnefotballen utsettast frå i vår til hausten. Og mange spente og ivrige jenter og gutar var klare då Tambarskjelvar Fotball ynskte velkommen til deira aller fyrste fotballtrening. Over 30 jenter og gutar møtte til denne første treninga!
Til tross for eit skikkeleg grisevær der regnet bøtta ned, hadde mange unge ilag med foreldrene sine møtt opp på Naustdal stadion. Og det såg ut som ungane hadde det kjekt den timen deira første fotballtrening stod på. Vi håper alle hadde ei så kjekk økt denne ettermiddagen, og at alle stiller på treninga att mandag.
Ansvaret for treningane har Pål Arve Myklebust og Trond Hatleset, som var flinke veiledere for den store flokken i dag. I tillegg stilte mange foreldre opp for å hjelpe til.
Under finn du nokre bilder frå den første treningsøkta.
PS Bildene er teke vekk frå saka på grunn av personvernet!